Hopp til innhold

- Første 48 timane er viktigast

- No hastar det med å få full oversikt over situasjonen. Dei første to døgna er viktigast for å berge liv, seier avdelingsleiar i Kirkens Nødhjelp, Arild Isaksen.

Arild Isaksen

Arild Isaksen er avdelingsleiar i Kirkens Nødhjelp.

Foto: NRK

LES OGSÅ: Fleire tusen kan ha mist livet

LES OGSÅ: Ingen nordmenn sakna på Haiti

LES OGSÅ: - Flere tusen omkommet på Haiti

I morgontimane i dag er det katastrofemøte i lokala til Kirkens Nødhjelp i Oslo sentrum. Her skal organisasjonen sine ekspertar på Haiti delta, og her skal ein vurdere kva som kan gjerast for å hjelpe etter jordskjelvkatastrofen.

Kirkens Nødhjelp har eit hjelpeprosjekt gåande i Haiti, og Isaksen kan fortelje at dei har fått kontakt med medarbeidarar i Port-au-Prince. Men det er ikkje mogleg å skaffe seg full oversikt over situasjonen før det blir lyst.

Alvorleg situasjon

Det er likevel klart at mange store bygningar har falle samen, det er mange døde, og det er ingen tvil om at situasjoen er alvorleg.

. Hjelpearbeidarane bur også i Port-au Prince, og mange av dei er ramma. Vi veit at hovudkvareteret til FN har rasa saman, så er det for tidleg å seie kva ressursar som kan setjast inn lokalt, seier Isaksen.

Han seier det no er viktig å sikre vatn, sanitær og hygiene i Port-au-Prince. Deretter er det matforsyning og helse som blir prioriteten.

Røde Kors i gang

Generalsekretær Børge Brende i Røde Kors seier i ei pressemelding at organisasjonen jobbar med å få inn naudhjelp som vatn, teppe og medisinsk utstyr.

Det internasjonale Røde Kors har sendt dei første ekspertane til Haiti frå regionkontoret i Panama, og desse skal prøve å skaffe seg oversikt over situasjonen. Organisasjonen har frigitt 2,7 millionar kroner frå naudhjelpsfondet til å starte arbeidet.

SISTE NYTT

Siste nytt