Hopp til innhold

- Brenning av kyrkjer ikkje det typiske for Egypt

– Angrep på kyrkjer og andre kristne institusjonar i Egypt den siste tida er ikkje typisk for forholdet mellom kristne og muslimar i landet, seier Gudrun Bertinussen i Kirkens Nødhjelp.

Gudrun Bertinussen har vore representant for Kirkens Nødhjelp i Midtausten i fleire år.

Gudrun Bertinussen er beredskapsleiar i Kirkens Nødhjelp, men har i fleire år representert organisasjonen i Midtausten.

Foto: Kirkens Nødhjelp

Gudrun Bertinussen er no beredskapsleiar i Kirkens Nødhjelp , men ho har inntil nyleg vore organisasjonen sin representant i Midtausten. Ho kjenner forholda i Egypt godt etter mange opphald i landet.

Ho kjenner godt til dei kristne sin situasjon i det politisk og religiøst svært delte landet. Ho er uroa over dei mange angrepa på kyrkjer, men har samstundes eit håp om forsoning.

– Sjå etter håp

Nedbrent nyrkje i Mallawi i Minja.

Denne kyrkja i Malawi i Minja-provinsen vart rasert og brent for nokre dagar sidan.

Foto: STRINGER / Reuters

– Vi må sjå etter dei håpa som finst. Det er ofte gode relasjonar mellom kristne og muslimar i lokalsamfunna, og for nokre dagar sidan hindra eit muslimsk nabolag mobben i gå mot eit nonnekloster og å brenne ned ei katolsk kyrkje. Det er slike hendingar som gir håp, seier Bertinussen til NRK.no.

Den siste veka har det kome alarmerande meldingar frå Egypt. Grupper som støttar Den muslimske brorskapen og den avsette presidenten Mohamed Morsi har gått til angrep på kyrkjer, kristne skular og andre institusjonar. Mellom 35 og 45 kyrkjer er nedbrende, og det har vore fleire direkte angrep på kristne enkeltpersonar.

Kristne utgjer rundt 10 prosent av dei rundt 85 millionar innbyggjarane i Egypt. Angrepa mot kristne og kristne institusjonar og eigedomar har vore aukande dei siste par åra, men har eskalert etter at hæren avsette presidenten frå Den muslimske brorskapen i juli.

LES OGSÅ: Brorskapet utnevner midlertidig leder

LES OGSÅ: Hosni Mubarak kan bli løslatt

Hemnaksjon

Gudrun Bertinussen trur dei mange angrepa på kristne og på kristne institusjonar kjem som ein hemnaksjon etter at den koptiske paven, Tawadros II, gjekk ut med opa støtte til hæren sin aksjon mot Den muslimske brorskapen.

Den koptiske pave Tawadros II.

Det vekte sterke reaksjonar då den koptiske paven Tawadros II gjekk ut med støtte til den egyptiske hæren.

Foto: KHALED DESOUKI / Afp

– Det finst ein mobb som kan mobiliserast når motsetningar i samfunnet eskalerer, men desse er ikkje typiske for forholdet mellom kristne og muslimar i Egypt, seier ho. Ho viser til fleire muslimske organisasjonar som har bede tilhengjarane sine om ikkje å angripe kristne, og ho fortel om mange lokalsamfunn der kristne har gode band til dei muslimske naboane sine.

Gudrun Bertinussen fortel om eit Egypt der institusjonane i stor grad har brote saman, og i eit slikt samfunn er det farleg for alle, seier ho, og ikkje berre for dei kristne.

LES OGSÅ: Egypt stenger grensen mot Gaza etter drap på politimenn

LES OGSÅ: Kan eit nytt mistak rette opp gamle?

– Hæren har makta

Ho meiner at det no i realiteten den mektige hæren som sit ved makta i Egypt. Grupperinga som stod i første rekkje under oppstanden for å styrte president Mubarak, demokratiforkjemparar som ynskjer eit skilje mellom stat og religion, har teke mot støtta frå hæren og slik fått avsett president Mohamed Morsi frå Den muslimske brorskapen.

Mohammed al-Sisi

Hærsjef og forsvarsminister Mohammed al-Sisi er den sterke mannen i Egypt for tida.

Foto: Jim Watson, Pool / AP

Bistandsveteranen fryktar at støtta til militæret vil slå hardt tilbake på denne liberale grupperinga, at dei på sikt kan måtte betale ein pris for å støtte hæren si avsetjing av Morsi.

Bertinussen reknar med at det den egyptiske hæren vil bruke det neste halve året til å konsolidere makta si. Dei vil halde oppe lov og orden, og dei vil truleg sikre vakthaldet ved kyrkjer og andre institusjonar som kan stå i fare for å bli angripne av mobben.

LES OGSÅ: Morsi-tilhengere fjernet fra moské etter skyting

LES OGSÅ: Egypts statsminister vil oppløse Brorskapet

Tilbake til diktaturet

På lang sikt fryktar ho at Egypt vil gå tilbake til det same diktaturet landet hadde under president Mubarak.

– Det skal bli interessant å sjå korleis dei som stod bak Mubaraks fall, vil reagere på eit nytt militærdiktatur, seier ho.

Ho meiner det er vanskeleg å sjå føre seg ei positiv demokratisk utvikling i Egypt, det er snarare fare for eit nytt diktatur. Ho ser heller ikkje bort frå at ytterleggåande islamistiske grupperingar kan ta til våpen, slik dei gjorde på 80- og 90-talet.

LES OGSÅ: Støtter militærets aksjon i Egypt

LES OGSÅ: Den muslimske brorskapen lovar nye demonstrasjonar kvar dag

SISTE NYTT

Siste nytt