Hopp til innhold

- Fleirtal for Obamas helsereform

Leiaren for Det demokratiske partiet i Representanthuset i det amerikanske senatet, trur det blir fleiretal for Obamas helsereform i morgon.

Steny Hoyer (t.v.) og Barack Obama

Helsereforma er ei prestisjesak både for Steny Hoyer og Barack Obama.

Foto: Larry Downing / Scanpix/Reuters

Det er venta at det blir avrøysting i senatet i morgon, og fleirtalsleiar Steny Hoyer trur Demokratane har sikra seg nok røyster til å få reforma gjennom.

Stor prestisje

Nancy Pelosi og Harry Reid.

Speaker Nancy Pelosi og fleirtalsleiar Harry Reid, begge frå Det demokratiske partiet.

Foto: Larry Downing / Scanpix/Reuters

Demokratane har gått bort frå planane om å vedta reforma som ei såkalla forlikslov, ein framgangsmåte som ville bety at det ikkje var behov for ei direkte avrøysting om lova.

President Barack Obama har lagt ned mykje arbeid og prestisje i å få på plass ei reform som sikrar alle amerikanarar eit helsetilbod.

Fleirtalsleiaren i Senatet, Harry Reid frå Det demokratiske partiet sa til partikollegaer i Representanthuset i kveld at partiet har fått støtte frå «ein god majoritet » av senatorane til dei endringane som er foreslåtte i utkastet til helsereform.

Reid sa dette på ein samankomst med partifeller i Washington, der også president Barack Obama var til stades.

32 mill utan forsikring

Den nye lova skal gi 32 millionar amerikanarar, som i dag er utan helseforsikring, ei slik forsikring. Lova vil også gjere det ulovleg for forsikringsselskapa å nekte folk som alt har helseplagar, få få forsikring.

Forslaget vil påleggje alle amerikanarar å ha ei forsikring, men dei med dårleg økonomi skal få offentleg støtte.

Det republikanske partiet, pluss en del demokratar, har vore skeptiske til forslaget frå Obama, og arbeidet med reforma har i stor grad teke all tid i Kongressen i over ni månader.

Mange republikanarar meiner forslaget ber for mykje preg av sosialisme.

Barack Obama droppa nyleg ei lenge planlagd reise til Asia for å sikre at lova skulle gå gjennom.

LES OGSÅ: Obama presser fram helsereformen

LES OGSÅ: – Slutt å avbryte meg!

LES OGSÅ:

LES OGSÅ: - Trolig flertall for helsereformen

SISTE NYTT

Siste nytt