NRK Meny
Normal

- Flåten var solid festa til dekket

Tidlegare mannskap på «Berserk» meiner det er svært bekymringsfullt at redningsflåten no er funnen driftande i Sørishavet.

Rune Ohslgaard var mannskap på Berserk
Foto: NRK

– Redningsflåten er vanlegvis festa på solid vis til framdekket på Berserk. Men med ekstremvêr og mykje is kan ting gå fort og gale, seier eks-mannskap på Berserk, Rune Ohlsgaard til NRK.

– At den no er funne flytande i sjøen i dårleg forfatning, uroar meg veldig, legg han til.

Ven av sakna

Tom Gisle Bellika

SAKNA: Tom Gisle Bellika

Foto: PRIVAT

Ohlsgaard eller «Supern» var maskinist om bord på Berserk under ein ekspedisjon gjennom Nordvestpassasjen som blei filma og vist som ein serie på NRK1 i 2008.

Han sigla då saman med sin gode ven Tom Gisle Bellika. Den 36 år gamle altaværingen Bellika er ein av dei tre som no er sakna med båten Berserk.

Ohlsgaard seier funnet av redningsflåta, ei padleåre og ei vassflaske som truleg stammar frå Berserk, vitnar om at noko har gått frykteleg galt.

– Eg har ikkje ei god kjensle inni meg no, seier han.

– Konstruert for slikt

Ohlsgaard har god tiltru til kvalitetane til både båten og mannskapet som er sakna etter at ein nødpeilar vart utløyst tysdag, då orkan og opptil åtte meter høge bølgjer herja i området.

– Berserk er bygd på eit marineverft i USA, og er konstruert for ekstrem overvintring i polare farvatn. Er det nokon som er i stand til å manøvrera seglbåten gjennom brutalt uvêr, så er det Tom Gisle, seier Ohlsgaard.

Han håpar på det beste og fryktar det verste no som det har gått over tre døgn, sidan naudsignalet frå Berserk vart sendt ut.

No følgjer han nyheitsbiletet tett i håp om at sin gode ven og tidlegare kollega skal gje livsteikn frå seg.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt