Hopp til innhold

- Flaggskipet til James Cook er lokalisert

Amerikanske forskarar meiner dei har lokalisert vraket av seglskuta «Endeavour», flaggskipet til den vidgjetne britiske oppdagaren James Cook.

Kopi av HMS Endeavour.

Ein nøyaktig kopi av HMS «Endeavour» fotografert i Australia.

Foto: DAVID GRAY / Reuters

James Cook (1728–1779) var kaptein på HMS «Endeavour» då han var den første europearen som oppdaga Great Barrier Reef i Australia. Dette skjedde på ein ekspedisjon i perioden 1768 til 1771. Cook hadde med seg eit mannskap på 94 om bord i «Endeavour».

Han var den andre europearen som kom til New Zealand, etter at den nederlandske sjøfararen og oppdagaren Abel Tasman var innom der alt i 1642.

No meiner ei amerikansk forskargruppe å ha funne skipet på havbotnen i Newport Harbor i delstaten Rhode Island på austkysten av USA. Ekspertane meiner at det stolte seglskipet, som var 105 fot (32 meter) langt, vart senka her under den amerikanske sjølvstendekrigen i august 1778.

80 prosent sikre

Captain James Cook (1728-1779)

Sjøkapteinen og oppdagaren James Cook slik han står fram på eit måleri i British Maritime Museum.

Foto: National Maritime Museum

Forskargruppa Rhode Island Marine Archaeology Project er 80 prosent sikre på at «Endeavour» ligg på botnen saman med 13 andre skip frå den britiske marinen.

Dei meiner at «Endeavour» vart skoten i senk då dei saman med andre britiske marinefartøy prøvde å blokkere innseglinga til Newport Harbor.

Det er håp om at funnet kan gi fleire svar om kva skjedde under ei dramatisk grunnstøyting på Great Barrier Reed rundt 1770, då skipet var nær på å totalforlise.

Etter fleire ærerike ekspedisjonar med James Cook skifta fartøyet namn til «Lord Sandwich», men skulle framleis gjere teneste for den britiske marinen. Og den tremastra barken møtte altså endelykta si i den amerikanske sjølvstendekrigen, der Storbritannia var fienden.

Frykter verdensarv kan gå tapt

Mystisk hodeskalle sår tvil om «oppdagelsen» av Australia

Stillehavet

Den pensjonerte amerikanske romferja «Endeavour» vart kalla opp etter dette seglskipet.

James Cook er kjent for å vere den første europeiske oppdagaren som greidde å gjennomføre ekspedisjonar til Stillehavet, utan at dei fleste av mannskapet miste livet. Han har fått æra for å ha vore første europear til å finne fjerne øyriker i Stillehavet som Tahiti og Hawaii.

Han var også den første som greidde å segle rundt Antarktis, rett nok med eit anna fartøy, men greidde å motbevise ein teori mange trudde på den gong, at det var eit kontinent der menneske kunne leve sør for Australia. Dette tenkte kontinentet gjekk under namnet Terra Australia.

Store Norske Leksikon om James Cook

Mystisk hodeskalle sår tvil om «oppdagelsen» av Australia

Breat Barrier Reef
Foto: HO / REUTERS

SISTE NYTT

Siste nytt