Hopp til innhold

- Burde sett inn profesjonelle i Berserk-søk

Leitemannskapet som i ettermiddag avslutta søket etter dei tre sakna om bord på Berserk, meiner dei har fått kritikkverdig lite hjelp.

Berserk-søk avslutta

Leitemannskapet trur den norske seglbåten Berserk har sokke i Sørishavet. Søket etter båten med dei tre sakna, er no avslutta.

Foto: Barbra Veiga / Sea Shephard / Scanpix

Søket blei avslutta då Sea Sheperd-helikopteret kom tilbake til basen på skipet «Steve Irwin» rundt klokka 12.30 norsk tid, opplyser leitemannskapet om bord på Sea Sheperd-skipet som har leita etter den sakna norske seglbåten Berserk.

– Me trur Berserk har sokke, seier Luz Rivas som er kvartermeister, eller underoffiser, på leitefartøyet.

– Kritikkverdig lite hjelp

Rivas fortel at dei har fått svært lite bistand i søket etter Berserk.

– Me er åleine i området, og har ikkje fått noko hjelp i det heile teke - korkje frå kystvakten på New Zealand eller frå nokon andre. Det er beklageleg, seier underoffiseren.

Den 63 meter lange stålbåten med 37 frivillige miljøaktivistar om bord, var tilfeldigvis i området då meldinga om naudsignalet frå Berserk kom tysdag. Dei blei kontakta av kystvakta på New Zealand, og sa seg villige til å bistå i leiteoperasjonen.

At dei skulle bli åleine om å saumfara dei enorme havområda, hadde dei ikkje trudd.

– Amatørar

– Me er ikkje profesjonelle redningsarbeidarar. Me har gort så godt me kan, men sannsynet for å finna overlevande hadde klart vore større dersom kystvakta hadde sett inn fleire fartøy i søket

I løpet av dei siste dagane har leitemannskapet saumfart 4000 kilometer til sjøs og med helikopter i Sørishavet.

Ho påpeiker at «Steve Irwin» har leita i nærmare 60 timar utan pause sidan søket starta for nokre dagar sidan.

Det russiske forskingsfartøyet «Professor Kromov» som i natt blei avløyst frå søket, har heller ikkje vore til særleg hjelp ifølgje Rivas.

– Dei var med å leita i eit par timar før dei reiste vidare.

Rivas seier dei no må tenkja på si eiga sikkerheit.

– Me må koma oss ut av området før det blir uvêr igjen. Vinteren i Rosshavet set inn i mars og då kan det bli nådelause forhold her.

Motstridande meldingar

Hovudredningssentralen i Nord-Noreg (HRS) hevda tidlegare i dag at leitinga etter Berserk heldt fram, og avviste at «Steve Irwin» no er på veg ut av området.

– Dei skal no ut i Rosshavet i Antarktis for å søkja rundt Franklin Island, som var eitt av dei planlagde ankringspunkta til Berserk, sa Geir Mortensen i HRS.

Berserk

Tre personar er sakna etter at den 48 fot (14 meter) store seglbåten Berserk sende ut eit naudsignal tysdag morgon.

Foto: Jarle Andhøy / Scanpix

Ifølgje Mortensen hadde mannskapet på Berserk avtalt fire kontaktpunkt med kaptein Jarle Andhøy og Samuel Massie, som gjekk i land i Antarktis kort tid før båten sende ut naudsignalet.

Det er ifølgje HRS venta at «Steve Irwin» skal vera framme ved øya og i gang med eit nytt søk der rundt klokka 21 i kveld norsk tid.

Han fekk informasjonen frå redningssentralen på New Zealand, som styrer operasjonen, rundt klokka 13 norsk tid.

– Me tek utganspunkt i den informasjonen me får derifrå. Kva andre seier kan me ikkje kommentera, uttalar Mortensen som understrekar at dei ikkje har gjeve opp håpet om å finna overlevande enno.

– Alt håp er ikkje ute

Rivas, som er om bord på leitefartøyet, held fast ved at søket er avslutta, og avviser at dei er i gang med eit tredje søk.

Ho seier dei no har gjennomsøkt området så detaljert med helikopter og båt, at det kkje lenger er håp om å finna Berserk og mannskapet på tre som har vore sakna siden naudsignalet frå båten gjekk tysdag morgon.

– Det er riktig at me no har kurs mot Franklin Island. Øya ligg på ruta heimover, men me kjem ikkje til å søkja aktivt etter Berserk på vegen dit. Siste ordre frå New Zealand er at me kan avslutta søket dersom me ønskjer det, og det har me no gjort, informerer Rivas.

Redningsflåten til Berserk er funnet i Sørishavet.

Funnet av ein redningsflåte, ei padleåre og vassposar som tilhøyrer Berserk, tyder på at det ikkje lenger er håp om å finna overlevande etter Berserk.

Foto: Barbara Veiga / Sea shepherd

Nye funn

Det vart fredag funne 20 vassposar og ei padleåre som stammar frå Berserk, flytande i Sørishavet. Torsdag kveld fann leitemannskapet også redningsflåten til den sakna båten.

Leitemannskapet og redningssentralen på New Zealand, som koordinerer leiteoperasjonen, meiner at desse funna svekkar sannsynet for å finna dei tre sakna i live.

Nils Jørgen Vordahl, som er talsmann for «Berserk», seier til NRK at søket ikkje er stansa fordi alt håp er ute.

– Eg vil ikkje spekulere i årsaka til at disse tinga er funne. Eg konstaterer at flåta ein har funne er rive av båten, og ikkje skåret av. Det betyr med sannsynleg at det ikkje har vore menneske i båten, seier Vordahl.

Hovudredningssentralane i Bodø og New Zealand skal vurdere søket i kveld.

– Dei har ikkje gjeve opp søket fordi alt håp er ute, seier Vordahl.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt