NRK Meny
Normal

- Får ikkje informasjon av politiet

Nordmannen som er arrestert i Gambia, mistenkt for overgrep mot born, får ikkje den informasjonen han har krav på, meiner advokaten hans.

Video Intervju med advokaten til Gambia-pågripen

Advokat Sigurd Klomsæt forsvarer den overgrepsdømde nordmannen som no er pågripen i Gambia.

– Politiet har så langt ikkje gjeve oss den informasjonen me har krav på, seier advokat, Sigurd Klomsæt.

Klomsæt representerer den 45 år gamle nordmannen som søndag vart pågripen i Gambia, mistenkt for seksuelle overgrep mot born.

– Må tala med ei tunge

Den pågripne nordmannen sit no fengsla i Banjul i Gambia. Klomsæt skal reisa til Gambia for å bistå mannen, men er førebels heime i Noreg utan å veta kva som skjer med klienten hans i Vest-Afrika.

Klomsæt seier han er oppgjeven over norsk politi som han meiner er meir villige til snakka med media enn med han som er forsvarar i saka.

– Eg registrerer at politiet gjev uttalingar til media, men ikkje er like informativ til advokaten. Det tykkjer er er beklageleg, seier han.

Klomsæt fortel at han kjenner seg som ein kasteball mellom Oslopolitiet og Kripos. Medan politiet i Oslo henviser advokaten til Kripos, gjev Kripos til svar at dette er ei oslosak.

Advokaten seier han difor må følgja med på radio, fjernsyn og i aviser for å få med seg kva som har skjedd med klienten hans.

– Slik skal det ikkje vera. Norsk politi skal gje informasjon til den advokaten som er hyra inn i saka. Eg håpar at dei snart vil verta samde og kunne tala med ei tunge.

Ber om å få bileta tilsendt

Den etnisk norske mannen vart pågripen søndag kveld, etter at politiet i Oslo, med bistand frå Interpol, sende ut ein bekymringsmelding til gambisk politi.

45-åringen skal ha hatt seks smågutar og barnepornografisk materiale på soverommet då han vart arrestert.

– Me fekk inn tips om at personen hadde reist til Gambia og at han skulle bu der saman med born, fortel Kari-Janne Lid i Oslo-politiet.

Ifølgje Lid vil norsk politi no be om å få tilsendt bileta som blei funne hjå 45-åringen i Gambia for å sjå om dei viser overgrep mot norske born.

Hundre overgrep mot eigen son

Ifølgje Aftenposten blei mannen seinast i haust sikta av norsk politi for å ha forgripe seg på eit born. Han var under etterforsking, men politiet fann han ikkje og før jul reiste mannen til Gambia.

Den pågripne er også tidlegare dømd for seksuelle overgrep mot born, og har sona fengselsstraff for dette.

45-åringen blei i 2006 dømd for over 100 overgrep mot sin eigen son, som enno ikkje var fylt ti år då overgrepa blei avslutta i 2002.

I 2004 blei han også funnen skuldig for overgrep mot fleire mindreårige og fekk ei straff på to år og sju månader.

Klomsæt arbeider no med å finna ut kvifor nordmannen er arrestert på ny.

– Veit ingenting

– Eg veit ingenting om korleis han stiller seg til pågripinga, seier forsvararen som no er oppteken av å koma i direkte kontakt med sin klient for å få høyra hans versjon av saka.

Han har onsdag sendt ein haste-faks til konsulen i Gambia, Nils Robert Hardmark, som vil kunne setja han i kontakt med sin klient. Advokaten ventar å kontakt med konsulen i løpet av onsdagen.

– Min klient må få høve til å forklara seg på ein fri måte og til å gje uttrykk for si oppfatning av saka utan bruk av mellommenn, meiner Klomsæt.

Ifølgje kommunikasjonsrådgjevar Kjetil Elsebutangen i Utanriksdepartementet, har konsulen vore i kontakt med den pågripne nordmannen.

– Han har fått tilbod om konsulær bistand, seier Elsebutangen til NRK.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt