NRK Meny
Normal

- Familien skal få vite om sex-kjøp

Sveriges justisminister Beatrice Ask har skapt bølgjer med sitt forslag om å sende brev i sterke fargar til sex-kjøparar sine familiar.

Sveriges justisminister Beatrice Ask.

Beatrice Ask vil hengje ut sex-kjøparar overfor den nærmaste familien.

Foto: Georges Gobet / Scanpix/AFP

Det var på eit seminar om prostitusjon i går at Beatrice Ask frå Moderatarane, Høgre sitt systerparti i Sverige, la fram det originale og omstridde forslaget. Ho ville sende eit brev i grelle fargar til sex-kjøparane sine framiliar, slik at dei skal få vite kva slags mann dei bur i hus med.

Meir effektivt enn fengsel

Sexkjøp - Stockholm

Det har vore forbod mot kjøp av sex i Sverige sidan 1999.

Foto: NRK

- Eg trur dette ville ha vore langt meir effektivt enn eit par års fengsel, sa justisministeren på seminaret.

I dag har ho teke litt sjølvkritikk. Ho har gått tilbake på ideen om å sende ut brev i grelle fargar, men i eit intervju med Aftonbladet seier ho at ho framleis meiner at familien til sex-kjøparane skal få vite om det.

Og at dette er eit betre verkemiddel enn fengsel.

- Eg prøvde å seie at det skal merkast når ein blir teken for kjøp av sex. Eg ser at det blir litt for dumt med ein konvolutt i sterke fargar, men poenget mitt er det skal gjerast tydeleg kven sex-kjøparane er, også for den nærmaste familien, seier Beatrice Ask.

LES OGSÅ: Prøver sex-kjøp for retten

LES OGSÅ: Krangla om Sex-kjøp

- Slepp for lett unna

Den konservative svenske politikaren meiner at sex-kjøparane i dag slepp for lett unna.

- Etter mi meining er politiet for imøtekomande overfor sex-kjøparar ved å sende sakspapir til jobbadresse eller andre adresser der dei ikkje bur. Kvifor skal vi vere så imøtekomande med menneske som krenkar andre menneske, spør Beatrice Ask.

Kva om eit barn i familien opnar brevet?, spør Aftonbladet.

- Det er like bra at ei dotter får vite kva type ho har til far. Ein må passe på at ein ikkje vernar feil person, svarar ho.

No vil Beatrice Ask ta spørsmålet opp i Moderatarna sine organ, og ho ser ikkje bort frå at ho vil måtte moderere forslaget for å få det gjennom.

- Litt for vill

- Eg må tilpasse meg partiet. Mange synest nok eg er litt for vill i blant, seier ho.

Den svenske regjeringa gjennomfører for tida ei evaluering av forbodet mot kjøp av sex i landet, ei lov som vart innført i 1999. Resulatet av evalueringa er venta i løpet av våren.

Straffa for kjøp av sex i Sverige er bøter, eller maks seks månaders fengsel. Men ingen er hittil dømd til fengsel for kjøp av seksuelle tenester.

I perioden 1999 til og med 2009 vart til saman 587 personar dømde for kjøp av sex i Sverige. Alle er dømde til bøter.

LES OGSÅ: Flere tatt for sex-handel i Stavanger

LES OGSÅ: 25.000 kroner i bot for sex-kjøp

LES OGSÅ: Tatt for sex-kjøp

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt