Hopp til innhold

- EØS-avtalen i fare

- Eit norsk veto mot tenestedirektivet kan utløyse ein diskusjon i EU om framtida til heile EØS-avtalen, seier EU-ambassadør Percy Westerlund.

Percy Westerlund er EU-ambassadør
Foto: Berg-Rusten, Ole / SCANPIX

Den svenske EU-ambassadøren og leiaren for EU-kommisjonen sin delegasjon seier dette i eit intervju med NTB.

- Om Noreg skulle velje å ikkje integrere tenestedirektivet, kan spørsmålet om EØS-avtalen si framtid bli stilt på spissen, seier han.

Regjeringspartiet SV vil arbeide for eit norsk veto.

 

Utanforlandet

Han seier at både EU-kommisjonen og EUs medlemsland kan få vanskar med å ekseptere at eit utanforland som Noreg skulle avvise sentrale delar av den EØS-relevante lovgjevinga.

- I så fall kan det ikkje berre bli snakk om mottiltak frå EU si side, men moglegvis ein debatt om heile EØS-avtalen si framtid. Eitt alvorleg spørsmål er om EU kan akseptere at eit ikkje-medlemsland, som deltek fullt ut i den indre marknaden, skal få eit privilegium som medlemslanda ikkje har, seier Westerlund.

EU-ambassadøren understrekar samstundes at han synes diskusjonen om eit norsk veto er hypotetisk.

- Ikkje sosial dumping

- Eg har vanskeleg for å tru at Noreg skulle ha problem med eit direktiv som nordiske naboland og fagrørsla ikkje berre kan leve med, men også ser på som ein siger, seier han.

 

Audun Lysbakken er nestleiar i SV
Foto: Erichsen, Jarl Fr. / SCANPIX

Han avviser at tenestedirektivet vil føre til sosial dumping, slik norske skeptikarar fryktar.

- Om direktivet hadde ført til sosial dumping, ville medlemslanda i EU reagerer. Dette er noko alle regjeringar er opptekne av, seier Percy Westerlund.

SV vil ha veto

Nestleiar i SV, Audun Lysbakken, seier at EØS-avatlen må tole eit eventuelt veto mot tenestedirektivet. Han førebur eit forslag til ei fråsegn som skal behandlast på partiet sitt landsstyremøte komande helg.

I forslaget blir det teke til orde for at Noreg brukar vetoretten mot tenestedirektivet i EU.

- EØS-tilhengjarane har alltid snakka om verdien av å kunne leggje ned veto. Om ikkje reservasjonsretten kan brukast mot eit så omstridd direktiv, så er reservasjonsretten ingen ting verd, seier Lysbakken.

Han legg til at SV vil ha ein grundig debatt om direktivet, og Lysbakken ber regjeringa ta seg god tid til å vurdere verknaden for Noreg.

- Bevisbyrda i denne saka ligg ikkje hos oss som fryktar at direktivet vil føre til sosial dumping, seier SV-nestleiaren.

 

 

SISTE NYTT

Siste nytt