Hopp til innhold

- Korrupsjon kostar EU tusen milliardar kroner i året

Omfanget av korrupsjon i EU er langt større enn nokon kan førestille seg, heiter det i ein knusande rapport frå EU-kommisjonen.

EUs innanrikssjef Cecilia Malmström.

Cecilia Malmström teikna eit dystert bilete av utbreiinga av korrupsjon i dei 28 EU-landa.

Foto: Yves Logghe / Ap

74 prosent av innbyggjarane i EU ser på korrupsjon som eit alvorleg problem i sine heimland. EUs innanrikssjef, svenske Cecilia Malmström, la fram rapporten i Brussel i dag. Ho trur at den reelle summen korrupsjon kostar EU, truleg er langt høgare enn dei tusen milliardar kronene rapporten fortel om.

Tusen milliardar norske kroner er om lag tilsvarande til heile EU-budsjettet for 2014.

EUs innanrikssjef Cecilia Malmström.

– Pengar under bordet eit stort problem i EU, seier EUs innanrikssjef Cecilia Malmström.

Foto: Yves Logghe / Ap

– Korrupsjon er med på å bryte ned tilliten til demokratiet, og korrupsjonen sug pengar ut av den lovlege økonomien, sa Malmström då ho la fram rapporten i dag.

Les heile EU-rapporten her

Svensk modell

I avisa Göteborgsposten skriv Malmström i ein kronikk i dag at sjølv om problemet med korrupsjon i Europa har eit omfang som «kan ta pusten frå ein», så er Sverige eitt av dei landa som har minst problem med økonomiske brotsverk..

Ho trur at den svenske modellen for å kjempe mot korrupsjon har vore ein suksess, og ho meiner at andre EU-land kan lære mykje av metodane Sverige har brukt for få bort problemet.

Rapporten viser blant anna til ei undersøking der folk i alle dei 28 medlemslanda i EU har fått spørsmål om dei nokon gong har opplevd korrupsjon personleg. Eitt av spørsmåla var om dei hadde vore i ein situasjon i løpet av det siste året der det var venta av dei at dei skulle betale noko «under bordet».

LES OGSÅ: Spansk prinsesse må møte i retten for økonomisk kriminalitet

LES OGSÅ: Avslørte skattesnusk for én milliard på fire år: – Mafia-lignende tilstander i malerbransjen

Storbritannia best ut

Storbritannia kjem alt i alt best ut i undersøkinga. Under ein prosent seier at dei har vore i ein slik situasjon, men likevel seier 64 prosent av dei spurde at dei trur korrupsjon er utbreidd i landet. Snittet for dei andre EU-landa er 74 prosent.

I land som Kroatia, Tsjekkia, Litauen, Bulgaria, Romania, Italia. Polen, Slovakia, Ungarn og Hellas seier mellom seks prosent og 29 prosent av dei spurde at dei hadde vore i ein situasjon der det var venta at dei skulle betale noko ekstra.

Mykje av korrupsjonen er knytt til bygningsbransjen og helsevesenet. Fire av ti bedrifter oppgir korrupsjon som eit hinder for at dei gjere forretningar i andre EU-land.

Lokalt og regionalt nivå

Det meste av korrupsjonen skjer på lokalt og regionalt nivå, heiter det i rapporten, og det blir også slått fast at det er store variasjonar i kvaliteten på dei som har som jobb å etterforske økonomisk kriminalitet.

EU-rapporten fortel at det er mange svært sofistikerte nettverk av organiserte kriminelle som opererer innanfor EU. Det europeiske politisamarbeidet Europol seier at det er minst 3000 slike kriminelle grupper.

Bulgaria, Romania og Italia har flest slike kriminelle nettverk, men det heiter i rapporten at såkalla kvitsnippkriminelle finst i dei aller fleste EU-landa.

LES OGSÅ: – Finansdirektøren underslo 4,4 millioner

LES OGSÅ: - Ingen kontrollerer toppledelsen

Oppfølgingsrapport om to år

Rapporten tek føre seg situasjonen i alle medlemslanda, og EU-kommisjonen kjem med tilrådingar om kva som bør gjerast i kvart enkelt land. Om to år skal det kome ein oppfølgingsrapport om korrupsjonsproblemet har utvikla seg.

– Vi må gjere noko no. Prisen for ikkje å gjere noko er rett og slett for høg, sa Malmström då ho la fram rapporten i dag.

Den svenske EU-kommissæren sa også at i mange tilfelle så er korrupsjon eit verktøy for organiserte kriminelle som vil kvitvaske pengar

LES OGSÅ: Samarbeid mot svart økonomi

SISTE NYTT

Siste nytt