Hopp til innhold

- Ekteparet hadde kontakt med Nusrafronten

Massedrapsmannen Syed Rizwan Farook hadde kontakt med personar i dei militante islamistiske organisasjonane Nusrafronten i Syria og Al Shabaab i Somalia, skriv avisa Los Angeles Times i dag.

Tashfeen Malik (t.v.) og Syed Farook.

Ekteparet Tashfeen Malik (t.v.) og Syed Farook hadde kontakt med minst to militante organisasjonar, melder Los Angeles Times.

Foto: Ap

Den velrenommerte avisa siterer kjelder i påtalemakta i California. Nusrafronten har sverja truskap til terrornettverket Al Qaida, medan Al Shabaab i Somalia har stått bak fleire blodige terroraksjonar i Somalia og nabolandet Kenya.

FBI sa i går kveld at ekteparet, som onsdag massakrerte 14 menneske under ein førjulslunsj inne på eit servicesenter for funksjonshemma i San Bernardino i California, neppe var medlemer av ei islamistcelle eller ei større organiserte gruppe.

Etterforskar som terrorangrep

Minnest offera for massakren i San Bernardino.

Ei kvinne minnest offera for massakren utanfor bygningen der skytetragedien skjedde i San Bernardino.

Foto: ROBYN BECK / Afp

Syed Farook deltok sjølv på samkoma, men reiste brått frå staden etter det som skal ha vore ein krangel. Kort tid kom han tilbake saman med kona, begge tungt væpna og kledde i stridsutrusting, og skaut vilt mot deltakarane på arrangementet. I tillegg til 14 drepne vart 21 menneske såra.

FBI, som har ansvaret for etterforskinga, at dei ikkje hadde funne bevis for at dei to hadde fått ordre om angrepet frå nokon utanfrå. FBI-sjef James Comey gjorde det likevel klart at dei etterforskar det som skjedde som eit terrorangrep.

CNN melde i går at Tashfeen Malik , som kom til USA frå Saudi-Arabia i fjor, sverja truskap til IS-leiar Abu Bakr al-Baghdadi på ein Facebook-konto som var oppretta i eit anna namn. Ifølgje nyheitsbyrået AP låg hyllinga ute på Facebook medan skytinga gjekk føre seg. Kjelde for denne informasjonen er ein høgtståande tilsett i Facebook.

Møttest på datingside

Kjelda seier at dei oppdaga meldinga dagen etter skytinga, og at meldinga vart fjerna og saka rapportert til den amerikanske påtalemakta.

Pressa slapp inn i husværet til ekteparet.

Fotografar i arbeid inne på badet i husværet til ekteparet som stod bak massakren i San Bernardino.

Foto: ROBYN BECK / Afp
CALIFORNIA-SHOOTING/ The remains of a SUV involved in the Wednesdays attack is shown in San Bernardino, California

Ekteparet vart drepne i ei skotveksling med politiet nokre timar etter massakren.

Foto: MARIO ANZUONI / Reuters

Advokaten David Chesley, som representerer familien til ekteparet, opplyste i går at Farook og Malik møtte kvarandre på ei datingside på nettet i 2013, og at dei gifte seg i 2014 i Saudi-Arabia. Malik var opphavleg frå Pakistan.

Han opplyser at familien visste at Farook og Malik hadde våpen, men at dei ikkje tenkte så nøye over det, fordi våpena var kjøpte på lovleg vis. Politiet fann store mengder våpen, ammunisjon og 12 bomber heime hos ekteparet .

Chesley seier også at familien til Farook veit svært lite om Tashfeen Malik.

Jarrod Burguan er politisjef i San Bernardino.

Politisjef Jarrod Burguan opplyser at eit UPS-kontor er evakuert etter funnet av ein pakke adressert til ekteparet.

Foto: Chris Carlson / Ap

– Vi har lite informasjon om henne, bortsett frå at ho var tradisjonell og religiøs, sa Chesley blant anna. Han la til at familiemedlemene ikkje hadde mistanke på at korkje mannen eller kona hadde ekstreme synspunkt.

Søsteren ringte med skuddskader: – Jeg elsker deg

– Det var et ubeskrivelig blodbad

UPS-lokale evakuert

Det er framleis svært spent stemning i San Bernardino. I natt norsk tid vart lokala til fraktselskapet UPS i byen evakuerte etter funn av ein pakke adressert til Syeed Farook og Tashfeen Malik.

Politisjef Jarrod Burguan seier at pakken kom frå eit seriøst selskap, og det viste seg også etter at bombeekspertar hadde undersøkt pakken at innhaldet var ufarleg.

Navnene på de drepte i San Bernardino frigitt

SISTE NYTT

Siste nytt