Hopp til innhold

- Ekspert på kjemiske våpen i IS drepen i flyangrep

Den amerikanske sentralkommandoen opplyser at ein leiande ekspert på kjemiske våpen i terrororganisasjonen IS vart drepen i eit flyangrep like ved Mosul laurdag for ei veke sidan.

Flyangrep nær Mosul i Irak.

Den USA-leidde koalisjonen har gjennomført nær 2000 luftangrep mot IS i Irak og Syria. Her frå eit angrep nær Mosul i Irak sist veke.

Foto: STRINGER/IRAQ / Reuters

Abu Malik var tidlegare knytt til Saddam Husseins kjemiske våpenprogram i Irak. Han skal ha slutta seg til terrornettverket Al Qaida i 2005, før han seinare vart med i IS, Den islamske staten.

Den USA-leidde koalisjonen mot IS har gjennomført i underkant av 2000 flyangrep mot IS-mål i Irak og Syria, melder BBC. Den amerikanske sentralkommandoen seier i ei fråsegn at Abu Maliks død vil svekkje og forstyrre IS generelt, og i alle fall inntil vidare spesielt evna til å produsere og bruke kjemiske våpen.

– Har brukt kloringass

Det har vore fleire meldingar om at IS har brukt kloringass, men det ligg ikkje føre bevis for at gruppa har skaffa seg kjemiske våpen i stor utstrekning. Store mengder kloringass kan øydeleggje lungene til eit menneske, men gassen er langt mindre giftig enn til dømes nervegass.

Ein amerikansk tenestemann seier til Reuters at dei veit at IS prøver å byggje opp ein kapasitet på kjemiske våpen, men at dei ikkje kan slå fast at dei har kjemiske våpen per i dag.

IS har det siste året teke kontroll over store område i Irak og Syria. I Irak har dei blant anna kontroll over den strategisk viktige byen Mosul, den nest største byen i landet.

UD trekker pengestøtte til Syria-sykehus: – IS har innført religiøse regler

Slik ble IS verdens mektigste og største terrororganisasjon på rekordtid

Håper på Mosul-offensiv

Den USA-leidde koalisjonen driv trening av irakiske regjeringsstyrkar, og det er håp om at dei kan vere i stand til å starte ein offensiv for å ta tilbake Mosul i løpet av våren. Den internasjonale koalisjonen deltek med flyangrep mot IS-mål, men vil ikkje delta i krigen mot IS med bakkestyrkar.

Også Noreg deltek i opplæringa og treninga av den irakiske regjeringshæren.

BBC melder at det internt i koalisjonen er frykt for at dei irakiske regjeringsstyrkane enno ikkje er sterke nok til å ta opp kampen mot IS på bakken i Mosul.

Oljearbeidarar sakna

I dag blir det også meldt frå det nordlege Irak at 15 oljearbeidarar er sakna etter at IS i går tok kontroll over oljeanlegget dei jobba på. Det er selskapet som eig anlegg, North Oil, som melder dette.

IS har teke kontroll over fleire oljeproduksjonsanlegg i det nordlege Irak den siste tida, og oljen er ei viktig inntektskjelde for terrororganisasjonen.

Britisk avis hevder IS-bøddel er såret

Lover hellig krig verden over

SISTE NYTT

Siste nytt