Statsminister Kjell Magne bondevik kallar situasjonen verda no er komen opp i for ulukkeleg. Han grunngir dette med at det no ser ut til å gå mot krig, med alle dei menneskelege lidingar dette inneber. Han er også uroa for den usikre situasjonen det no blir i heile Midtausten-regionen.
- Ein ulukkeleg situasjon, seier statsminister Kjell Magne Bondevik.
- Noreg meiner at ein militær aksjon burde vore heimla i eit vedtak i Tryggingsrådet i FN. Det at USA no handlar på eiga hand gjer spørsmålet om dette kan forsvarast etter folkeretten, i beste fall blir diskutabelt, seier Bondevik.
Han er klar over at USA meiner dei har internasjonal rett på si side, men at Noreg ikkje støttar dette synet.
- USA er klar over vårt syn, og eg vil gjenta dette neste gong eg snakkar med president Bush. Likevel vil eg understreke at vi har eit nært og godt forhold til USA, trass i usemeja i dette spørsmålet, seier Kjell Magne Bondevik til NRK.
Statsministeren har lita tru på at Saddam Hussein og dei næraste medarbeidarane hans vil forlate Irak, og dermed forhindre ein krig.
Når det gjeld president Bush sin tale i natt seier Bondevik at det no er tydeleg at USA førebur seg på krig. - Bush nyttar velkjend amerikansk retorikk og ser på USA som ein frigjerar. Det er nok ein retorikk som er litt framand for oss, seier BOndevik i eit intervju med NTB.
Statsministeren minner om at påstandane til Bush om at Irak har masseøydeleggingsvåpen, framleis ikkje er bevist.