NRK Meny
Normal

- Ein av USAs skarpaste juridiske hjernar

USAs president Barack Obama nominerte i ettermiddag appellretts-dommar Merrick Garland (63) til ny dommar i Høgsterett. Det republikanske partiet truar med å blokkere utnemninga.

Barack Obama og Merrrick Garland.

Barack Obama hadde mange lovord å kome med til Merrick Garland, som presidenten ynskjer skal bli ny dommar i Høgsterett.

Foto: KEVIN LAMARQUE / Reuters

Utnemninga av høgsterettsdommarar er i USA ei viktig politisk sak, i motsetning til her i landet. Det var inntil høgsterettsdommar Antonin Scalia døydde i februar , fem konservative og fire liberale dommarar i amerikansk høgsterett.

Scalia var konservativ. Merrick Garland blir rekna som liberal, og i den politisk viktige domstolen vil det, dersom Garland blir godkjent i Senatet, bli liberalt fleirtal dei nærmaste åra.

Full av lovord

Merrick Garland er nominert til høgsterettsdommar.

Merrick Garland var tydeleg rørt då han takka president Obama for nominasjonen.

Foto: KEVIN LAMARQUE / Reuters

Obama sa på ein pressekonferanse utanfor Det kvite hus i klokka 16 norsk tid i dag at det har vore ein lang prosess å finne den rette kandidaten, og han var full av lovord om kvalitetane til den erfarne juristen.

Presidenten viste blant anna til at Garland, som til liks med Obama er frå Chicago, gjekk frå å vere ein suksessfull advokat med privat praksis tilbake det offentlege for å jobbe som dommar. Han minte om at Garland hadde gått kraftig ned i lønn for å gjere den viktige jobben i domstolane.

Garland har vore dommar i den nest høgste domstolen i USA i 19 år, og Obama snakka varmt om hans urokkelege respekt for den amerikanske grunnlova. Presidenten sa også at Garland har ei sjeldan evne til å finne kompromiss.

Garland er i dag dommar i US Court of Appeals, tilsvarande vår lagmannsrett, i hovudstaden Washington DC. Han er spesielt kjent for innsatsen sin i rettsoppgjeret etter terrorangrepet i Oklahoma City i 1995.

USA – der høyesterett «ruler»

– Skarp juridisk hjerne

Obama sa også at Garland har ei av dei skarpaste juridiske hjernane i USA i dag, og han gjorde det klart at han ser på den meritterte juristen som ein kandidat som bør kunne bli godteken av både republikanske og demokratiske politikarar.

Fleirtalsleiaren i Senatet, Mitch McConnell.

Fleirtalsleiaren i Senatet, Mitch McConnell, truar med ikkje å behandle nominasjonen av Merrick Garland.

Foto: MARK WILSON / Afp

Obama åtvara også mot å gjere nominasjonen til ein politisk kamp mellom republikanarar og demokratar i Senatet. Han sa at Høgsterett står over politikken, og at eit forsøk på å hindre at Garland blir utnemnd, vil vere eit svik mot det amerikanske rettssystemet.

Han bad senatorane, når dei kjem tilbake frå vårferie om to veker, om å godkjenne Merrick Garland som ny dommar i høgsterett.

Merrick Garland var på gråten då han takka presidenten for det ærefulle oppdraget. Han sa at det berre var overgått av då kona sa ja til å gifte seg med han, og då dei to døtrene deira vart fødde.

– Det å kunne gjere ein innsats for samfunnet er ei gåve. Og ingen innsats er større enn det å gjere teneste i Høgsterett, sa han blant anna.

Republikansk fleirtal

Det republikanske partiet har trua med ikkje å godkjenne ein ny kandidat frå Obama. Dei håpar at ein republikansk kandidat vinn presidentvalet i november, og at han igjen vil utnemnde ein konservativ dommar.

Det vil sikre eit konservativt fleirtal i Høgsterett i åra som kjem.

Paul Ryan, speaker i Reprsentantenes hus i Senatet.

– Det er vår fulle rett å seie nei til Merrick Garland, seier speaker i Representanthuset, Paul Ryan frå Det republikanske partiet.

Foto: ALEX WONG / Afp

Obama har tidlegare utnemnt to høgsterettsdommarar som blir rekna for å vere liberale, Sonia Sotomayor og Elena Kagan. Då dei vart utnemnde hadde Det demokratiske partiet fleirtalet i Senatet, medan Det republikanske partiet har fleirtal i dag.

– Vår rett å seie nei

Den første reaksjonen frå den republikanske leiaren i Senatet, Mitch McConnell, tilseier at det ikkje blir ei enkel sak for Obama å få Garland godkjent. Han sa kort tid etter nominasjonen at Senatet vil kome tilbake til ein nominasjon til Høgsterett, når den neste presidenten har gjort sitt val.

McConnell skulda også Barack Obama for å ha politisert utnemninga til Høgsterett i eit valår, og at det ikkje er noko vits i at senatorane brukar tid på å diskutere noko dei aldri kjem til å bli samde om.

Speaker i Representanthuset i Senatet (House of Representatives), Paul Ryan, seier i ein kommentar at Senatet har all rett til ikkje å godkjenne ein nominasjon til Høgsterett.

– Etter grunnlova har presidenten all rett til å nominere ein kandidat til Høgsterett, og Senatet har all rett til å seie nei, sa Ryan. Han støttar også McDonnell på at dei folkevalde rett og slett ikkje vil behandle nominasjonen av Garland.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt