Hopp til innhold

- Døden er einaste straffa

Ein nær medarbeidar til den øvste leiaren i Iran sa i ein tale i kveld at opposisjonsleiarane i landet bør avrettast.

Den øvste leiaren i Iran, ayatolla Ali Khamenei

Den øvste leiaren i Iran, ayatolla Ali Khamenei.

Foto: - / AFP

LES OGSÅ: Ber om strenge straffer i Iran

LES OGSÅ: USA fordømmer Irans undertrykking

LES OGSÅ: USA fordømmer Irans undertrykking

Den skriftlærde Abbas Vaez-Tabasi uttalar seg ofte på vegner av den åndelege leiaren, i realiteten også den mektigaste makthavaren i landet, ayatolla Ali Khamenei. Han la ikkje noko i mellom då han raste mot opposisjonen i ein tale vist på iransk fjernsyn i kveld.

Støttespelarar til regimet demonstrerer i Teheran.

I dag var det støttespelarane til regimet som dominerte i gatene.

Foto: EBU

Irans president Mahmoud Ahmadinejad kallar dei store protestane frå opposisjonen for eit kvalmande karneval sett i scene av Israel og USA.

Fiendar av Gud

- Dei som står bak den noverande situasjonen i Iran er fiendar av Gud, "mohareb", og lova er svært klar på dette feltet. Etter dei islamske Sharia-lovene er straffa for "mohareb" døden, sa han.

Etter fleire dagar med store demonstrasjonar mot presidenten og styresmaktene i Teheran og andre større iranske byar, var det i dag støttedemonstrasjonane for regimet som dominerte biletet.

Presteregimet hadde i dag moblisert fleire titusenvis støttespelarar til å demonstrere i Teheran. Her vart det blant anna ropt krav om strenge straffer for opposisjonsleiararne.

Fleire hundre arresterte

Opposisjonsleiaren mir Hossein Mousavi mottek kondolansar i samband med at nevøen hans vart drepen.

Opposisjonsleiaren mir Hossein Mousavi mottek kondolansar i samband med at nevøen hans vart drepen.

Foto: Arash Ashourna / Scanpix/AFP

Fleire hundre tilhengjarar av opposisjonen er arresterte sidan søndag, blant dei minst 20 av leiarane. Systra til fredsprisprisvinnar Shirin Ebadi er blant dei pågripne, trass i at ho ikkje er nokon kjend aktivist.

Styresmaktene har no stadfesta at minst åtte menneske vart drepne under uroa sist laurdag, blant dei den 35 år gamle nevøen til opposisjonsleiaren Mir Hossein Mousavi.

Politiet seier det var terroristar som drap Seyed Ali Mousavi, som ikkje deltok i demonstrasjonane mot regimet. Politiet nektar også at det vart brukt skytevåpen mot demonstrantane, slik opposisjonen hevdar.

- Fall frå ei bru

Politiet seier at ein person omkom då vedkomande fall frå ei bru, to vart overkøyrde, medan to som gjekk til angrep på politiet vart så hardt skadde at dei døydde seinare på sjukehuset. Ein annan skal ha døydd av naturlege årsaker, blir det hevda frå politihald.

Nettstaden Jaras, som blir kontrollert av dei opposisjonelle, melder at fleire nære medarbeidarar av opposisjonsleiaren Mir Hossein Mousavi er pågripne dei siste dagane. Det same er den kjende journalisten Mashallah Shamsolvaezin.

VIDEO: Politibil køyrer inn i menneskemengda

VIDEO: Dramatisk video frå demonstrasjon i Teheran

LES OGSÅ: – Død over diktatoren

SISTE NYTT

Siste nytt