På ein direktesend pressekonferanse i natt sa Bush at USA vil leggje fram eit nytt resolusjonsforslag om Irak i Tryggingsrådet i FN uavhengig av utsiktene for å få støtte.
George W. Bush heldt pressekonferansen i beste sendetid i USA (Foto: Larry Downing-Reuters)
- Men USA treng inga godkjenning frå FN for å handle mot Irak, seier den amerikanske presidenten.
Pressekonferansen blei halden eit halvt døgn før sjefen for våpeninspektørane frå FN, Hans Blix, skal leggje fram ein ny rapport for Tryggingsrådet om arbeidet med å nedruste Irak.
Farse
- Saddam Hussein legg ikkje ned våpna. Det er fakta, og kan ikke motseiast. Ei full avvæpning av Irak er den einaste akseptable løysinga, sa Bush, som karakteriserte Iraks øydelegging av al-Samoud-rakettane som ein farse.
Bush understreka at USA kjem til å leggje forslaget til ny Irak-resolusjon fram for røysting i Tryggingsrådet uavhengig av utsiktene til å få fleirtal.
- Det er tid for at medlemene i rådet viser korta og let verda sjå kvar dei står i Irak-spørsmålet, sa Bush.
Varslar inspektørane
Den amerikanske presidenten gjentok også at USA vil vere positive til at Saddam Hussein går i eksil for å unngå krig, så lenge Irak også kvittar seg med masseøydeleggingsvåpen.
Bush heldt pressekonferansen eit halvt døgn før sjefen for våpeninspektørane, Hans Blix, skal leggje fram ein ny rapport for Tryggingsrådet. (Foto: Getty Images)
Bush lovde i talen å varsle våpeninspektørane og hjelpearbeidarane i Irak om at dei må reise frå landet, før eit militært angrep startar.
- Vi vil sjølvsagt gje folk ein sjanse til å dra. Journalistane som er der bør dra. Vi vil ikkje at folk skal bli skadde, og har ikkje noko uteståande med andre enn Saddam og gruppa hans av mordarar, sa Bush.
Han gjentok også påstandane om at Irak finansierer og trenar terroristar.
- Saddam Hussein gir opphald til terroristar som er villige til å bruke masseøydeleggingsvåpen mot USA og andre fredselskande land.
- Våpna til Irak er ein direkte trussel mot USA, sa Bush.
Eitt spørsmål
- Verda treng svar på eitt spørsmål når Hans Blix legg fram rapporten for Trygginsrådet. Har Irak fullt og utan vilkår lagt ned våpna sine, slik resolusjon 1441 krev? spurte Bush.
Han meinte tvert imot at Irak produserer nye masseøydeleggingsvåpen.
- Irak held våpeninspektørane for narr. USA har etterretning som viser at Irak har gitt ordrar om produksjon av nye al-Samoud-rakettar, samstundes som landet øydelegg nokre av rakettene dei har, sa Bush.
Han hevda også at irakiske vitskapsmenn framleis blir trua med vald dersom dei samarbeider med våpeninspektørane, og at hotellromma der intervjua blir gjort, blir avlytta.