Hopp til innhold

- Dette er liket av Prabhakaran

Ein fjernsynsstasjon på Sri Lanka har i dag vist bilete at det som skal vere liket av LTTE-leiaren Velupillai Prabhakaran.

Liket av Velupillai Prabhakaran vart vist på srilankisk fjernsyn i dag.

Liket av Velupillai Prabhakaran vart vist på srilankisk fjernsyn i dag.

Foto: STR / AFP

Ansiktet til den avdøde geriljaleiaren er synleg på bileta, og mykje tyder på at det verkeleg er den døde LTTE-leiaren.

Video nsps_upload_2009_5_19_10_21_2_1054.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Sjå videoen her:

Srilankiske styresmakter melde også i går at laiearen for LTTE-geriljaen, også kalla Tamiltigrane, var død.

- Kampen held fram

Seint i går kveld gjekk ein av dei gjenlevande leiarane for geriljaen, Selvarasa Pathmanathan, sjef for LTTE si internasjonale avdeling, ut og avvist dette.

Han sa til nettstaden TamilNet at så vidt han visste så var Prabhakaran i live og i god form. Han gjorde det også klart at geriljaen vil halde fram kampen til det tamilske folket sine mål er nådde.

Han skuldar regjeringa på Sri Lanka for å vere skuldig i brotsverk mot menneskeslekta. Han seier også at fleire av LTTE-leiarane vart skotne etter først å ha blitt inviterte til forhandlingar om å overgi seg.

Full militær siger

Regjeringa på Sri Lanka har erklært full militær siger over geriljaen. Militære talsmenn sa i går at LTTE-geriljaen er utradert.

I går vart det sagt at Velupillai Prabhakaran og to nære medarbeidarar vart skotne og drepne då dei prøvde å flykte i ein ambulanse. Også sonen til Prabhakaran, Charles Anthony, skal vere drepen.

Presidenten på Sri Lanka, Mahinda Rajapakse, heldt ein direktesend sigerstale på fjernsynet i dag.

- Vi er regjeringa som har geridd å sigre over terroristane i ei tid då andre har sagt til oss at det er umogleg. Den srilankiske staten kontrollerer no kvar einaste tomme av territoriet, sa han blant anna.

Borgarkrigen i landet har vart sidan 1972, som var det året Prabhakaran grunnla LTTE-geriljaen.

Rajapakse rekte også ut ei hand til tamilane på Sri Lanka.

- Alle skal ha like rettar, la oss stå saman. Tamilane skal få leve utan frykt og tvil, sa Rajapaksen i talen sin.

70.000 døde

Meir enn 70.000 menneske er drepne i løpet av den 37 år lange borgarkrigen.

EU bad måndag om ei uavhengig gransking av skuldingane om at regjeringsstyrkane på Sri Lanka har brote menneskerettane i den siste fasen av krigen mot LTTE-geriljaen.

Røde Kors har klaga over at ikkje har kome fram til såra og heimlase i den nordaustlege delen av krigssona, også etter at regjeringsstyrkane har sagt at kampane var over.

Hjelpeorganisasjonar knytte til FN seier dei har hatt problem med å kome fram til leirar der tusenvis av sivile som har flykta frå kamphandlingane, har fått plass.

LES OGSÅ: - LTTE-geriljaen er utradert

Velupillai Prabhakaran, leder for Tamiltigrene

Velupillai Prabharakan i sine velmaktsdagar.

Foto: STR / AFP

SISTE NYTT

Siste nytt