- Dette er latterleg

Forsvarsadvokaten til dei to drapstiltalte nordmennene konfronterer retten med det han ser som vilkårleg bevisbruk.

Advokat André Kibambe og bilde av Rune Folkedal
Foto: NRK / Scanpix / NRK

Kilde: NRK, NTB

I retten i går haldt aktor fram eit bilete av Drammens Tidende-fotografen Rune Folkedal (41), som han skulda for å vere oppdragsgjevar for dei tiltalte nordmennene Tjostolv Moland og Joshua French.

Les også: Norsk fotograf utpekt som oppdragsgiver

Men fotograf Rune Folkedal (41) i Drammen seier han ikkje kjenner Moland og French. I tillegg er han militærnektar.

Opp i retten fredag eller laurdag

- Dette er latterleg, seier forsvarsadvokat André Kibambe om biletbeviset.

Han har fått høyre at det er ein pressefotograf som no er trekt inn i rettssaka, og har fått med seg noko av reaksjonane i norske medium.

Informasjonen er ifølgje Kibambe ikkje førelagt aktoratet enno, men det skal han gjere i retten fredag eller laurdag.

NRK-reporter Hallvard Sandberg meiner det er langt frå sjølvsagt at aktoratet vil tru på den norske informasjonen om biletet, sidan dei truleg vurderer norske medium som statskontrollerte.

- På topphemmeleg oppdrag

Bilete som syner fotograf Rune Folkedal i ein militær-beret peike på eit kart over Afrika, vart under rettssaka i går og på laurdag lagt fram som bevis for at nordmennene jobbar som spionar.

Aktoratet har funne bilete av fotografen på mobilen til ein av dei tiltalte, og meiner dette syner korleis dei to tiltalte vart orienterte om oppdraget i Kongo.

Ifølgje fotograf Rune Folkedal sjølv er bilete teke under ein fest på Strømsø i Drammen i 2006, og sendt til ein kamerat som festdeltakarane trudde var i Afrika.

- Vi veit kvar du er, sto det i MMS-en som vart sendt kameraten på tull.

- Frå mobil lagt att i Uganda

Kameraten, Torgeir Friksen, var leiar for det private tryggingsselskapet Special Intervention Group (SIG), som dei to drapstiltalte nordmennene i Kongo skal ha jobba for tidlegare.

Seinare vart telefonen til Friksen lagt att i Uganda, før han hamna hjå Moland og French som tok denne med til Kongo.

Rettssaka mot dei to nordmennen har pause i dag og i morgon og startar att torsdag.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt