NRK Meny
Normal

– 80 prosent fleire krefttilfelle enn resten av landet

Det er avdekt ei ny gigantisk ulovleg fylling for industrielt avfall utanfor Napoli. Ei miljøverngruppe kallar området for Italias Tsjernobyl, og seier at området har 80 prosent fleire krefttilfelle enn resten av Italia.

Fra arbeid på søppelfylling.

VIDEO: Søppelfylling med giftig avfall.

Den ulovlege fyllinga utanfor byen Calvi Risorta er like lang som 30 fotballbaner etter kvarandre, og det er den største som hittil er avdekt i Europa. Ikkje overraskande at det skjer i Napoli-området, der mafiagrupperinga La Camorra i fleire tiår har hatt hand om både den lovlege og ulovlege delen av søppelhandteringa.

I går var det hektisk aktivitet på den nyoppdaga søppelfyllinga. Inspektørar i vernedrakter, utstyrte med blant anna geigertellarar, jakta på radioaktivt materiale og anna ulovleg giftig avfall på den over to millionar kubikkmeter store søppelfylling, ifølgje VICE News.

Født i dødens triangel

– Eit økologisk slakteri

Italis miljøvernminister Gian Luca Galleti.

Italis miljøvernminister Gian Luca Galleti kallar den siste fyllinga som er oppdaga for eit økologisk slakteri.

Foto: Luca Bruno / Ap

Italias miljøvernminister Gian Luca Galletti kallar fyllinga for eit «økologisk slakteri», men seier at det vil ta ein månad før dei har resultatet av målingane klare.

– Vi veit enno ikkje kor mykje og kva type avfall det er snakk om, seier han.

Det var journalisten Salvatore Minieri i nettavisa Pasenews.com som først oppdaga den ulovlege fyllinga. Han samanlikna ferske oversiktsbilete tekne med dronar nyleg med flyfoto av området frå 1960-talet. Han oppdaga at det var ferske spor etter graving i området.

Minieri og fotografen hans byrja å grave, og han er sjokkert over det dei fann. Han fortel blant anna om brennbare løysemiddel som har delar av farga jordsmonnet rosa og blått.

– Vi fann lag på lag med giftig avfall med litt sement og jord mellom. Det har vore her i fleire tiår. Uheldigvis viste det seg å vere den største illegale industriavfallfyllinga på kontinentet, seier han til VICE News.

Politiet filma hemmeleg mafia-seremoni

Roma-restaurantar i mafiaens grep

Peikar på Casalesi-klanen

Både Minieri og politiet seier at den ulovlege søppelfyllinga seier at alle spor peikar mot Casalesi-klanen, den mest illgjetne av 350 familieklanene som utgjer Camorra-mafiaen. I 2006 avslørte forfattaren Roberto Saviano korleis Casalesi-klanen opererer med boka «Gomorrah».

Han har etter at boka kom ut hatt politivakt 24 timar i døgnet.

Ein kjent avhoppar frå Casalesi-klanen, Carmine Schiavone, fortalde alt i 1997 om korleis mafiaklanen tok mot giftig avfall og dumpa det i ulovlege fyllingar. Han sa at dei hadde tent store pengar på dette heilt sidan 1980-talet.

– Dette er Italias Tsjernobyl, seier Stefano Cifani, nestleiar i den italienske miljøorganisasjonen Legambiente.

Ifølgje han er tala på krefttilfelle i dette området 80 prosent høgare enn i resten av Italia, og han er ikkje i tvil om at dumpinga av giftig avfall er eit sterkt medverkande årsaka.

– Fleire tusen menneske er døde, og fleire tusen til vil kome til å døy, seier han.

Ulovleg søppelfylling i Caivano i Italia.

Ulovlege søppelfyllingar er eit stort problem i Italia. Dette er ei fylling som vart avdekt i Caivano i 2013.

Foto: Salvatore Laporta / Ap

– Ikkje berre mafiaen

Legambiente meiner at 10 milliardar tonn med giftig avfall er grave ned i dette området sidan 1992, og at mafiaen har tent store pengar på det.

Ekspertar seier likevel at det ikkje berre er mafiaen som skor seg på den ulovlege avfallshandteringa. Mange industribedrifter tek sjølve kontakt med mafiaen for å bli kvitt det giftige avfallet sitt.

I desember i fjor gav Europadomstolen Italia ei bot på 40 millionar euro, rundt 350 millionar norske kroner, for at landet gjennom fleire år har brote EUs lovverk omkring handtering av avfall. Dette var fjerde gongen Italia er bøtelagt for ikkje å ha rydda opp i problemet.

Laster kart, vennligst vent...
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt