Hopp til innhold

- Det var tøft å vere der

- Vi måtte ta raske avgjerder for å kome oss unna, seier Kristian A. Fossland (25), som plutseleg befant seg midt i terrroangrepa i Mumbai i natt. Høyr hans dramatiske skildring av opplevinga.

Kristian A. Fossland
Foto: Privat

Kristian A. Fossland er frå Levanger og jobbar som trainee i India.

Gjester evakueres fra Taj Mahal hotell i Mumbai.

Gjester evakueres fra Taj Mahal hotell i Mumbai.

Foto: STRINGER/INDIA / REUTERS

HØYR: Kristian A. Fossland var i Mumbai sentrum

- Vi var på ein restaurant i området der dei fleste vestlege oppheld seg. Plutseleg høyrde vi mange bilar utanfor og det var bråk og kaos og skyteepisodar like ved, fortel Fossland.

Tekstmeldingar

- Vi visste ikkje kva vi skulle gjere. Vi var på restauranten og blei råda til å vere der.

Militærsoldater går igjen inn i Taj hotell i Mumbai der flere holdes som gisler.

Militærsoldater går igjen inn i Taj hotell i Mumbai der flere holdes som gisler.

Foto: STRINGER/INDIA / REUTERS

- Men vi bestemte oss for å kome oss unna området, for vi fekk tekstmeldingar frå vennar som hadde høyrt at det hadde vore bombing i området og vi måtte berre kome oss unna, fortel han.

Bakvegen

- Vi lurte oss ut bakvegen av restauraten og kom oss ut i ein bil, og klarte å evakuere ut av området der det verste gjekk føre seg. Vi kom oss eit stykke unna i ein leiglegheit til ei amerikansk veninne av meg.

- Kva såg de av det som skjedde?

Taj Mahal-hotellet i Mumbai

Taj Mahal-hotellet i Mumbai

Foto: INDRANIL MUKHERJEE, Indranil MUKHERJEE / AFP

- Det var kaos nede på gata der dei militære og politiet kom. Plutseleg var det heilt folketomt og berre militære og politi i gatene. Vi såg røyken frå hotella, og vi såg frykta i auga på politiet der.

LES MER:

Se video: Kristian skulle vært i kafeen som ble angrepet

Video nsps_upload_2008_11_27_19_28_27_2136.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

SISTE NYTT

Siste nytt