NRK Meny
Normal

- Denne ulukka skulle ikkje kunne skje

– Menneskeleg svikt åleine kan ikkje føre til ei slik ulukke. Her er det fleire ting som har gått gale samstundes, seier norsk jernbaneekspert etter togulukka i Tyskland.

Alvorleg togulukke i Bayern i Tyskland.

Dei to passasjertoga heldt høg fart då dei kolliderte 60 kilometer sør for München tysdag morgon.

Foto: Peter Kneffel / Ap

Minst ti menneske omkom og over 80 er skadde etter togkollisjonen i Bayern i Tyskland i dag. For fleire av dei skadde er tilstanden livstruande. To passasjertog frontkolliderte i ein sving rundt 60 kilometer sør for München. Fartsgrensa på strekninga, som har berre eitt spor, er 120 kilometer i timen. Årsaka til ulukka er ikkje kjend.

Sjefingeniør i Jernbaneverket, Christopher Schive, vil ikkje spekulere i årsaka til den tragiske togulukka i det sørlege Tyskland, men han er klar på at ein faktor åleine ikkje kan føre til ein slik katastrofe.

– Skal hindre kollisjonar

– Det skal ikkje vere mogleg at to tog kan køyre mot kvarandre på grønt lys. Då vil den automatiske togstansen slå inn. Det skal ikkje vere mogleg om ein av togførarane køyrer på raudt heller. Tryggingssystema skal hindre ein samanstøyt, seier Schive til NRK.

Overingeninør Christopher Schive i Jernbaneverket.

Overingeniør Christopher Schive i Jernbaneverket seier at mange ting må slå feil samstundes for at ei så alvorleg togulukke kan skje.

Han fortel at systema er innretta slik at ein feil frå togføraren eller togleiaren ikkje skal vere nok til at det skjer ei ulukke. Tryggingssystema skal slå inn og hindre ein kollisjon, og det er fleire såkalla tryggingsbarrierar i systemet.

– Det som er heilt sikkert er at her har det skjedd fleire feil samstundes, men det er vanskeleg å spekulere i kva årsaka kan vere. Det er mykje vi ikkje veit. Det kan ha vore vedlikehald på jernbanelina, det kan vere spesielle forhold både menneskeleg og teknisk som vi ikkje kjenner til, seier Christopher Schive.

Han trur ikkje det er snakk om ei villa handling, mest fordi det er ein svært komplisert operasjon å setje dei ulike tryggingsbarrierane ut av spel.

Felles regelverk i EU

Det er eit felles regelverk for jernbanetryggleik i EU, eit samarbeid der også Noreg er med. Han fortel at regelverket er strengt. Alle togselskapa må ha tryggingssertifikat, toga må vere sertifiserte etter EUs standard, og det er lite skilnad frå land til land i EU. Han karakteriserer tryggingsnivået som høgt.

Togulukke i Bayern.

Redningsarbeidet var vanskeleg etter togkollisjonen sør for München.

Foto: LUKAS BARTH / Afp

Christopher Schive trur årsaka til den tragiske ulukka vil bli klar ganske raskt, i alle fall den direkte årsaka. Så vil det truleg ta lenger tid å finne dei meir kompliserte samanhengane bak ulukka.

Det var like før klokka sju i dag tidleg at dei to passasjertoga, som begge høyrer til det private togselskapet Bayerischen Oberlandbahn, kolliderte ikkje langt frå byen Bad Aibling i Rosenheim i Bayern, rundt 60 kilometer sør for München.

Rundt 1200 menneske misser i snitt livet i ulukker der tog er blanda inn i løpet av året i EU. 90 prosent av dei omkomne er personar som har gått i jernbanesporet, medan 10 prosent er andre typar ulukker.

Togulukke i Tyskland.

Slik ser det ut på ulukkesstaden i kveld. Minst ti menneske miste livet i togkollisjonen sør for München.

Foto: MICHAEL DALDER / Reuters
GERMANY-TRANSPORT-RAIL-ACCIDENT
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt