Hopp til innhold

- Dei utan pengar vart drepne - organa fjerna og selde

Ein avhoppar frå ein menneskesmuglar-liga fortalde i retten i Palermo på Sicilia i dag at migrantar som ikkje kunne betale for transporten til Italia, vart drepne. Deretter vart vitale organ tekne ut og selde på den svarte marknaden.

Migrantar utanfor kysten av Sicilia.

Eit fartøy fullt av migrantar fotografert utanfor kysten av Sicilia. Transporten blir organisert av menneskesmuglarar.

Foto: STEFANO RELLANDINI / Reuters

Mannen som gav dette vitnemålet har samarbeidd med det italienske antimafia-politiet i eitt og eit halvt år.

Det han fortalde vitnar om ein grenselaus kynisme blant menneska som organiserer flukta til tusenvis av menneske frå land i Afrika og Asia til Europa, ifølgje det italienske nyheitsbyrået Ansa .

– Fjernar organ

Sjefetterforskar Renato Cortese.

Renato Cortese er sjefetterforskar for italiensk politi i den store menneskesmuglarsaka i landet.

Foto: ANDREAS SOLARO / Afp

– Det vart meg fortalt at dei som ikkje kan betale for reisa, blir overlatne til egyptarar, Dei tek livet av dei, og så fjernar dei vitale organ, som dei sel på den svarte marknaden i heimlandet. Dei har fullt utstyr til å både å ta ut organa og til å transportere dei i, sa han i retten i dag.

Han skal ha gitt politiet viktig informasjon om korleis menneskesmuglarane organiserer transporten over Middelhavet, og apparatet dei har for å få migrantane vidare nordover i Europa.

I alt 38 menneske er arresterte og sikta for menneskesmugling i løpet av dei tre åra denne saka har vore under etterforskinga. Fleire er dømde, men det er uklart kor mange.

Smuglere dømt etter Alans (3) død

Nato vil ha slutt på menneskesmuglingen

Europol sender 200 terroreksperter til flyktningsentre

– Enorme pengesummar

Sjefetterforskar Renato Cortese sa på ein pressekonferanse i Palermo i at politiet nyttar mykje av dei same teknikkane i etterforskinga av menneskesmuglarane, som dei gjer i mafiasaker. Telefonavlytting og anna overvaking er mykje i bruk.

– Det viktigaste no er å finne ut korleis menneskesmuglarane investerer vidare dei enorme pengesummane dei tener på verksemda si, sa Cortese blant anna.

SISTE NYTT

Siste nytt