Hopp til innhold

- Byen fløymer over av politi

- Det marsjerer eit tusentals militære i gatene, seier pianist Trond Myhre, som står midt oppe i demonstrasjonane i Pattaya.

Fotomontasje: Myhre i Pattaya
Foto: AFP/PORNCHAI KITTIWONGSAKUL og NRK / Scanpix/AP

Trond Myhre, kanskje mest kjent som fast huspianist i det populære TV-programmet "Du skal høre mye" på NRK, har panoramautsikt mot opprøret i den thailandske feriebyen Pattaya.

- Det er unntakstilstand, men etter forholda er det roleg, seier Myhre.

Politi og krigsskip

Frå leilegheiten sin nær hotellet der omlag to tusen menneske i dag demonstrerer mot ASEAN-toppmøtet, har pianisten god oversikt over kva som skjer.

- Grupperingar på over fem menneske blir splitta, og heile byen fløymer over av politi og militære. Eg tippar dei er fleire tusen i talet. Også åtte-ti krigsskip patruljerer på sjøen, samstundes som vegar er blokkerte.

Video nsps_upload_2009_4_11_10_36_31_2856.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

VIDEO: Her stormar demonstrantane hotellet.

- Krev at statsministeren går av

Etter enorme protestar mot toppmøtet i sammenslutningen av sørøstasiatiske nasjoner (ASEAN), vart møtet tidlegare i dag avlyst.

Les også: Avlyser toppmøtet etter opptøyer

- Førebels kjenner eg berre til rykte om såra menneske etter storminga av hotellet der statsleiarane skulle hatt møtet sitt, seier TV-pianisten, som har fått godt innblikk i politikken i Thailand dei siste dagane.

- Vi har fått informasjon over høgtalaranlegg dei to siste dagane. Dei ropar at statsministeren må gå av og krev at det vert sett i gong nyval. Dei meiner statsministeren ikkje er valt demokratisk.

Ber folk vere aktsame

Utanriksdepartementet i Noreg har ikkje oversikt over kor mange nordmenn som er i Pattaya-området, men ber dei som er der vise aktsemd.

- Vi og den Den norske ambassaden i Bangkok oppmodar folk om å halde seg borte frå store folkemengder, følgje med i media og lytte til råd frå lokale styresmakter, seier kommunikasjonsrådgjevar i UD, Christian Hansson.



SISTE NYTT

Siste nytt