Hopp til innhold

- Britene utviser israelsk diplomat

Storbritannia vil utvise ein israelsk diplomat som svar på at det vart brukt falske britiske pass i samband med drapet på ein Hamas-leiar i Dubai.

Drapsmenn på vei inn i heisen på hotellet i Dubai

Overvakingsbilete som viser dei mistenkte drapspersonane på veg inn i hotellet i Dubai.

Foto: Scanpix/AFP

Falsk Dubai-pass Paul John Keeley

Eitt av dei falske passa som vart brukte i Dubai i januar.

Foto: Scanpix/Reuters

Det er BBC og Sky News som melder dette i føremiddag.

Ein talsmann for britisk UD ville ikkje kommentere meldinga.

Han sa likevel at utanriksminister David Milliband vil kome med ei fråsegn til parlamentet kl. 16.30 i dag.

Det var i januar i år at Hamas-leiaren Mahmud al-Mabhuh vart drepen i Dubai, truleg av israelske Mossad.

LES OGSÅ: 16 nye mistenkte for Dubai-drapet

LES OGSÅ: Vil utstede arrestordre på Netanyahu

LES OGSÅ: Hamas-leder ble dopa ned og kvalt

LES OGSÅ: Briter etterforsker falske pass

Nett-tv:

Video - Utviser israelsk diplomat

Klikk på bildet for å se video.

Avisa Daily Telegraph melder at Israel ambassadør i London, Ron Proser, i dag vart kalla inn på teppet i britisk UD mot å motta ein offisiell proest i saka.

Britiske etterforskarar har bistått politiet i Dubai under etterforskinga av drapet, og konklusjonen er at det var ein dødsskvadron frå Israels hemmelege etterretningsteneste Mossa2, som stod bak. 23 agentar deltok truleg i aksjonen.

Agentane var utstyrte med britiske, tyske, australske, franske og irske pass, og nokre av dei skal ha blitt tekne frå israelarar med dobbelt statsbrogarskap. Andre pass var truleg kopierte på flyplassen i Tel Aviv utan at eigarane visste noko om det.

Israelsk etterretning har også tidlegare gjort bruk av forfalska britiske pass, og dette har vekt sterke reaksjonar hos britiske styresmakter. Storbritannia skal ha fått lovnad i ei tidlegare sak om at dette ikkje skuklle gjenta seg.

Dette gjer at reaksjonane etter Dubai-likvidasjonen er ekstra sterke i London.

Israel har nekta å ta på seg ansvaret for aksjonen i Dubai.



SISTE NYTT

Siste nytt