- Borda skip med iranske våpen

Den israelske marinen borda i tysdag eit Liberia-registrert skip israelske styresmakter seier var lasta med iranske våpen som skulle til Gazastripa.

Video Israel borda skip med iranske våpen

VIDEO: Sjå den israelske marinen sine bilete av bordinga.

Våpen funne om bord på skip borda av den israelske marinen.

Ein maskert israelsk soldat viser fram eitt av våpena som vart funne om bord på skipet.

Foto: - / Afp

Israels statsminister Bejamin Netanyahu seier at det vart funne store mengder våpen om bord i lasteskipet «Victoria», som var på veg frå Syria via Tyrkia til Alexandria i Egypt.

- Hadde bevis

Netanyahu seier han gav ordre til operasjonen, som skjedde 200 nautiske mil utanfor kysten av Israel, fordi dei hadde bevis for at skipet frakta våpen som var tenkt brukt mot Israel.

Kjelder i den israelske hæren seier dei trur dei iranske våpena vart lasta om bord i lasteskipet «Victoria» i den syriske hamnebyen Latakia, og at Tyrkia ikkje har noko med våpenlasta å gjere.

Israels forsvarsminister Ehud Barak.

Israels forsvarsminister Ehud Barak seier at marinen har fylgt skipet si rute i fleire dagar.

Foto: Oded Balilty / Ap

Forsvarsminister Ehud Barak seier at den israelske marinen har fylgt skip si ferd i fleire dagar. Han fortel at bordinga av «Viktoria», som er eigd av eit tysk selskap, gjekk føre seg heilt utan bruk av av vald.

Admiral iRani Ben i den israelske marinen seier i kveld at dei har konfiskert fleire bakke-til sjø-rakettar av typen C-704 med ein rekkevidde på 35 kilometer.

- Dette er utan tvil eit strategisk våpen, seier Ben.

Ein liknande rakett vart brukt av Hizbollah under krigen i Libanon i 2006. Eit israelsk marinefarty vart sterkt skadd og fire soldatar om bord vart drepne i angrepet.

LES OGSÅ: – Bording av hjelpekonvoien i Gaza i tråd med folkeretten

LES OGSÅ: Israel legger fram rapport om bording

Iran nektar

Skipet blir ført inn til den israelske hamnebyen Ashdod, der marinen skal undersøkje lasta grundigare.

Iranske styresmakter nektar for at det var iranske våpen om bord.

- Ikkje stol på israelske nyheiter. Ei slik last finnest ikkje, sa talsmann for det iranske utanriksdepartementet, Ramin Mehmanparast, i ettermiddag.

LES OGSÅ: Heltemottakelse for Gaza-skip i Tyrkia

LES OGSÅ: Opptil 20 båter i ny flotilje til Gaza

LES OGSÅ: Gaza-aktivist: - Rapporten er en skikkelig oppmuntring

LES OGSÅ: FN-rapport fordømmer Gaza-raidet

Israel har borda skip med våpen i Middelhavet.

Dette er litt av lasta israelske styresmakter seier inneheld iranske våpen.

Foto: Anonymous / Ap

SISTE NYTT

Siste nytt