Hopp til innhold

- Bør stengjast ute frå unionen

Kenyas statsministar, Raila Odinga, meiner Robert Mugabe må utelukkast frå Den afrikanske unionen fram til det er halde frie og rettferdige val.

Robert Mugabe
Foto: Nasser Nasser / AP

- Ingen i organisasjonen bør ha noko med Mugabe å gjera, før han går med på ei demokratisk løysing på konflikten i Zimbabwe, seier Odinga.

- Pinleg belastning

Odinga er ein av Mugabes skarpaste afrikanske kritikarar. Han kom sjølv fram til ein avtale om delinga av makta med Kenyas president, Mwai Kibaki, etter eit omstridt val i desember i fjor.

- Mugabe har vorte ei pinleg belastning for heile kontinentet, sa Odinga under toppmøtet mellom dei 53 AU-landa tidlegare i dag.

LES: Afrika fordømmer Zimbabwe

Medan majoriteten av statsleiarane på møtet hadde problem med å kritisera Mugabe direkte.

- Dei er framleis prega av ei blanding av respekt og takksemd ovanfor mannen som tidlegare var ein annerkjent frigjeringshelt i det søraustlege Afrika, seier NRKs Afrika-korrespondent Dag Bredvei.

- Må ta større ansvar

Formannen i den afrikanske unionen (AU), Jean Ping, er bekymra etter det famøse valet i Zimbabwe.

- Den afrikanske unionen må ta på seg større ansvar for å løysa krisa i Zimbabwe, sa Ping på møtet i Egypt.

- Dei fleste i unionen vil støtta planen mot eit forsiktig press, for å få Mugabe til å dela makta med opposisjonen i landet, seier Bredvei.

Målet er å danne ei koallisjonsregjering etter modell frå Kenya.
Der blei opposisjonsleiar Raila Odinga og president Mwai Kibaki einige om ei maktdeling etter forhandlingar leia av Kofi Annan.

SISTE NYTT

Siste nytt