Hopp til innhold

- Boko Haram-leiaren kan vere død

Leiaren for den islamistiske terrorgruppa Boko Haram, Abubakar Shekau, er skoten og kan vere død, opplyser den nigerianske hæren.

Abubakar Shekau leder av den islamistiske gruppen Boko Haram

Den nigerianske hæren seier dei har skote leiaren i Boko Haram, Abubakar Shekau.

Foto: HO / Afp

Boko Haram står bak ei lang rekkje angrep mot hæren, kristne og kristne institusjonar i det nordlege Nigeria. Organisasjonen kjempar for å etablere ein islamsk stat i den nordlege delen av landet, og dei har sagt at dei vil jage alle kristne ut av området.

Meldinga frå den nigerianske hæren er ikkje stadfesta av andre kjelder.

– Skoten 30. juni

Angrep i Bauchi, juni 2012

Boko Haram står bak mange angrep i det nordlege Nigeria, her frå Bauchi.

Foto: STRINGER / Reuters

Rapporten frå hæren fortel at Abubakar Shekau skal ha blitt skoten under ei trefning med nigerianske soldatar, og at det skjedde 30. juni i år i Sambisa-skogen nord i Nigeria.

I ei fråsegn frå hæren heiter det at ifølgje etterretningsrapportar er stor sjanse for at Boko Haram-leiaren døydde ein gong mellom 25. juli og 3. august.

Etter opplysningane den nigerianske hæren sit inne med vart Abubakar Shekau teken over grensa til Kamerun inkognito for behandling av skadane.

Shekau er den einaste i Boko Haram som har late seg fotografere utan maske. Alle andre er alltid tildekte på videoar og bilete.

LES OGSÅ: – Samtale mellom Al Qaida-topper stengte ambassader

LES OGSÅ: Skal ha brent skolebarn levende i Nigeria

– Nestleiaren drepen

Sist veke sa den nigerianske hæren at dei hadde drepe nestleiaren i Boko Haram, Momodu Bama, også kjend som Abu Saad. Dette er heller ikkje stadfesta av uavhengige kjelder.

Ifølgje meldingane skal Momodu Bama ha blitt drepen saman med 17 andre krigarar frå Boko Haram i kampar mot nigerianske soldatar i Bama i delstaten Borno 4. august i år

Det er rekna med at Boko Haram har stått bak drap på 3600 menneske sidan 2009, både sivile og militære.

LES OGSÅ: 15 drept av bombe i Nigeria

LES OGSÅ: Minst 48 drept i angrep i Nigeria

SISTE NYTT

Siste nytt