Den mest ettersøkte og mest frykta mannen i verda, leiaren for terrornettverket Al Qaida, Osama bin Laden, viste seg seint i går kveld fram på eit videoband for første gong på 13 månader.
Al Jazeera
Den 18 minutt lange videoen, som vart vist på den arabiske fjernsynsstasjonen Al Jazeera, sende sjokkbølgjer inn i sluttspurten av den amerikanske presidentvalkampen. Videobandet vart lagt i postkassa til Al Jazeera sitt kontor i Islamabad i Pakistan.
Major Scott Nelson, talsmann for dei amerikanske styrkane i Afghanistan, sa på ein pressekonferanse i Kabul i føremiddag at USA trur bin Laden framleis oppheld seg i fjellområda mellom Afghanistan og Pakistan. Men han vedgjekk også at dei ikkje kan vere 100 prosent sikre.
- Hadde vi visst akkurat kvar han er, så hadde vi vore der på flekken, sa Scott Nelson blant anna.
Ayman al-Zawahiri skal også opphalde seg i Afghanistan. (Scanpix-foto)
16.000 amerikanske soldatar i Afghanistan har som si hovudoppgåve å fange eller drepe medlemer av Al Qaida, Taliban eller andre ekstremistgrupper. Osama bin Laden og hans like illgjetne nestkommanderande, egyptaren Ayman al-Zawahiri, har hittil greidd å kome seg unna når amerikanske, afghanske og pakistanske soldatar har vore på sporet av dei.
Spørsmål om tid
Scott Nelson sa i dag at han framleis trur at dei vil ta Al Qaida-toppane, og det er berre eit spørsmål om tid. Dette trass i at grenseområdet mellom Afghanistan og Pakistan er svært uvegsamt. Det er eit fjellområde der det faktisk er mogleg å gøyme seg nesten over alt, sa Nelson.
Han kunne elles fortelje at fem Al Qaida-mistenkte er drepne i ein militæraksjon i Nanagarhar-provinsen i går.
Den kuwaitiske avisa Al-Rai-Al-Aam, skriv i dag at bin Laden oppheld seg på ein sikker stad i Afghanistan, der han blir verna av ein lokal stamme. Avisa siterer islamistiske kjelder.
- Sjeik Abu Abdullah, som er eit anna namn på Osama bin Laden, lever saman med fire andre på ein trygg stad. Han er ved god helse og er ved godt mot, og stammen han er hos syter godt for han, både med omsyn til tryggleik og på andre område, seier kjelda til avisa.
Held kontakten
Ayman al-Zawahiri oppheld seg også i Afghanistan, skriv avisa, men på ein heilt annan kant av landet. Dei to held kontakten ved hjelp av høgt betrudde medarbeidarar, heiter det.
Same kjelda seier at Taliban-leiaren mulla Omar oppheld seg like nord for Kabul, og at han nyleg sende tre av sine menn på ei rundreise til tre land i Persiabukta, blant dei Kuwait, for å samle inn pengar. Dette vart organisert gjennom lokale sympatisørar i dei tre landa, heiter det i den kuwaitiske avisa.