Tony Blair talte i dag til underhuset i det britiske parlamentet. Han prøver å samle støtte frå dei folkevalde til den tøffe lina si overfor Irak. Blair er den sterkaste støttespelaren til USA og George Bush i denne saka. USAs president George Bush sa i natt at USA har bevis for at det eksisterer slike band mellom Irak og Al Qaida.
Tony Blair meiner det er klare band mellom Irak og Al Qaida. (Foto: Jeff Overs, Reuters)
Blair sa også at det ikkje er bevis for at Irak var delaktig i terrorangrepa mot USA 11. september 2001, som dei fleste reknar med Al Qaida stod bak.
Maksimalt press
Blair bad om støte frå underhuset slik at det no kan leggjast maksimalt press på Saddam Hussein og Irak.
- Det einaste som kan gjere ein krig umogleg å unngå, er at han trur at vi ikkje meiner alvor når vi snakkar om å handle, sa han blant anna.
- Om Tryggingsrådet kjem fram til at Irak har brote resolusjon 1441, då håpar eg at vi har full støtte i underhuset, sa Blair. Resolusjon 1441 truar med alvorlege konsekvensar for Irak om ikkje landet samarbeider med FN om å ruste ned.
Ordet krig eller militæraksjon er ikkje nemnt i resolusjonen, men det er venta at USA vil finne støtte i denne ordbruken om dei bestemmer seg for å starte ein krig mot Irak.
Blair reiser til USA fredag for å møte president George Bush på Camp David. Fleire kommentatorar har alt kalla dette møtet for "krigskabinettet".
Aziz avviser
Iraks visestatsminister Tariq Aziz avviste i dag påstandane om at styresmaktene i landet samarbeider med Al Qaida.
- Dette avviser eg på det sterkaste. Eg utfordrar George Bush og regjeringa hans til å finne bevis for eit slikt samarbeid, sa Aziz i eit intervju med den amerikanske fjernsynskanalen ABC tidlegare i dag. Han uttalte seg etter at USAs president Bush sa i sin "state of the union"-tale i natt sa at USA har prov på at Irak samarbeider med terrornettverket Al Qaida.
Pressa Blair
Tony Blair slit med å overtyde britane om at det er rett å gå til krig mot Irak. Det er sterk motstand mot aat Storbritannia skal delta med soldatar og utstyr.
Forsida på tabloidavisa Daily Mirror onsdag 29. januar.
Dette har gitt seg utslag i sterke utfall mot statsminister Tony Blair i ein del britiske aviser. I dag hadde tabloidavisa Daily Mirror, den nest største avisa i Storbritannia, ei førsteside som har vekt oppsikt.
På førstesida har avisa eit stort manipulert bilete av Tony Blair med blodige hender. Tittelen er "Blood on his hands", altså "Blod på hendene hans". Inne i avisa går den kjende journalisten John Pilger til frontalangrep på Blair for måten han taklar Irak-krisa på.
John Pilger er også kjend frå mange dokumentar-program på fjernsyn. Dokumentaren om forholda i dei palestinske områda som gjekk på på NRK nyleg var laga av Pilger, som blir rekna for å vere svært kontroversiell.