Hopp til innhold

- Auka risiko for norske soldatar

Regjeringa vil at norske soldatar i Afghanistan skal dekka eit større område enn tidlegare. - Vil føra til auka risiko, meiner ekspert.

Kart Afghanistan

Området dei no skal inn i ligg sør for leiren i Meymaneh.

Video nsps_upload_2008_12_1_21_8_12_2438.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

- Risikoen vil spreia seg

Forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen meiner norske soldatar må sendast dit så rask som mogeleg.

- I dette området kan opprørsgrupper no operera fritt fordi det ikkje er noko internasjonalt nærver, seier Strøm-Erichsen.

- Dersom me ikkje går inn i området vil risikoen spreia seg nordover og skapa ein endå større risikofaktor for styrkane våre og for lokalbefolkningen i Faryab-provinsen.

Utvidinga skjer med dagens kapasitet.

- Større tap

Utvidinga av operasjonsområdet vil gjera oppgåva til dei norske soldatane farlegare, meiner Afghanistan-ekspert Kristian Berg Harpviken.

- Me går no inn i eit område der Taliban har hatt evne til å mobilisera. Dette er eit område der afghanske styrkar lenge har forsøkt å vinna kontroll utan å lukkast.

- Det er heilt opplagt at trusselbilete i Gormach er eit anna enn det i Faryab, og det er vanskeleg å tenkja seg at me kan gjera dette utan auka risiko, også for dei norske soldatane, seier Berg Harpeviken og legg til:

- Eg vil ikkje utelukka at me får større tap.

SISTE NYTT

Siste nytt