- Amanda Knox bak det dødbringande knivstikket

Ein italiensk dommar har levert ein omfattande rapport der konklusjonen er at amerikanske Amanda Knox sjølv leverte det dødbringande knivstikket mot medstudenten Meredith Kercher i Perugia i 2007.

Amanda Knox hevdar si uskuld i drapet på Meredith Kercher.

Amanda Knox var gjest i fjernsynsprogrammet Good Morning America 31. januar i år.

Foto: ANDREW KELLY / Reuters
Bent Tanstad
Journalist

Drapet på 21 år gamle Meredith Kercher har vore ei av dei mest omtalte drapssakene i Europa det siste tiåret. Amanda Knox og engelske Meredith Kercher delte husvære medan dei var studentar ved universitetet i den italienske byen Perugia.

Raffaele Sollecito er dømd for drapet på Meredith Kercher.

Raffaele Sollecito fotografert under rettssaka i Firenze 30. januar i år.

Foto: Antonio Calanni / Ap

Amanda Knox vart først funnen skuldig i drapet, men fekk medhald i ein appelldomstol slik at ho kunne reise heim til USA i 2011. Saka vart teken opp igjen i januar i år, og då vart Knox igjen funnen skuldig. Det var rapporten frå denne rettssaka i Firenze som vart gjort offentleg i dag.

Amanda Knox lever i dag som ei fri kvinne i USA.

LES OGSÅ: Ekskjæresten til Amanda Knox anholdt ved grensen

Tre dømde for drapet

Den tidlegare kjærasten hennar, Raffaele Sollecito, vart også dømd for drapet, men han er sett fri mot kausjon. Han er fråteken passet sitt og kan ikkje forlate Italia. Også ein tredje person, Rudy Guede frå Elfenbeinskysten, er dømd for drapet. Han sonar ein dom på 16 års fengsel i eit italiensk fengsel.

I dag vart rapporten frå dommaren i den siste ankesaka offentleg, og her blir det konkludert med at Amanda Knox knivstakk romvenninna til døde. Motivet, meiner dommaren, var ein krangel mellom dei to.

I den første dommen konkluderte dommarane med at drapet truleg hadde skjedd under ei form for sex-leik. Dommaren i ankesaka meiner dette er svært lite truleg. Han meiner at ein slik teori ikkje passar med personlegdomen til Meredith Kercher.

LES OGSÅ: Knox mener kjennelsen er urettferdig

– Krangel om pengar

Amanda Knox gråt da hun forlot retten etter å ha blitt frikjent

Amanda Knox tok til tårene då ho vart frifunnen av ein italiensk domstol i 2011.

Foto: Pietro Crocchioni / Reuters

Han meiner at drapet skjedde fordi det hadde vorte eit dårleg forhold mellom dei to romvenninnene. Drapskvelden hadde både Amanda Knox og kjærasten Raffaele Sollecito brukt narkotika, og ein krangel om pengar kom ut av kontroll.

Dommaren festa lit til Rudy Guede si forklaring om at Kercher hadde skulda Knox for å ha stole pengar som skulle gå til husleige.

Dommaren meiner at Amanda Knox, Raffaele Sollecito og Rudy Guede gjekk til angrep på Meredith Kercher, før Guede valdtok henne. Dommaren meiner at Knox og Sollecito deltok i mishandlinga for å skade og audmjuke den engelske jenta.

Deretter tok dei tre livet av henne, og alt tyder på at det var Amanda Knox sjølv som var ansvarleg for det dødbringande knivstikket, heiter det i den svært omfattande rapporten på 337 sider frå dommaren Alessandro Nencini.

LES OGSÅ: Opphever frikjennelsen av Amanda Knox

– Full av feil

Meredith Kercher

Britiske Meredith Kercher vart funnen drepen i Perugia i 2007.

Foto: Scanpix/AP

Advokaten til Sollecito, Giulia Bongiorno, reiv sund den tjukke rapporten frå dommaren og sa at han inneheldt mange feil, både når det gjaldt motivet, våpena som vart brukte og DNA-bevisa.

– Denne avgjerda er så full av feil, ulogiske slutningar og sjølvmotseiingar at eg er sikker på at dommen blir gjort om i høgsterett, sa Bongiorno i ein kommentar.

Amanda Knox sjølv seier at ho kjem til å halde fram kampen mot å bli utlevert til Italia. Ho har heile tida hevda si uskuld.

LES OGSÅ: Ankar frikjenninga av Amanda Knox

Til høgsterett

No når retten i Firenze har levert rapporten sin kan saka gå vidare til italiensk høgsterett. Dersom høgsterett stadfestar dommen frå januar, så må Amanda Knox belage seg på ein lang kamp for å hindre utlevering til Italia.

I dette huset ble Meredith Kercher funnet drept

Det var i dette huset i Perugia at drapet på Meredith Kercher skjedde.

Foto: Stefano Medici / Scanpix/AP
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt