Hopp til innhold

- Alltid risiko når jihadistar er innblanda

Terrorforskar meiner det alltid er ein risiko å blande seg inn i ein konflikt der jihadistar er innblanda. Fafo-forskar åtvarar mot å jakte på terroristar saman med hæren i Mali.

Mali.

Franske soldater er på plass i Mali.

Foto: ERIC GAILLARD / Reuters

Atle Mesøy

Terrorforskar Atle Mesøy trur ikkje terrorrisikoen vil auke om Noreg går inn militært i Mali.

Foto: Camilla Wernersen

Atle Mesøy forskar på radikalisering og terror ved Universitetet for miljø og biovitskap på Ås. Han trur ei eventuell norsk deltaking i militæroperasjonen i Mali vil kunne verke stabiliserande på situasjonen i landet.

Mesøy meiner det alltid vil vere ein viss terrorrisiko med militæroperasjonar, men han trur ikkje at ekstreme islamistar vil gjere Noreg til eit hovudmål for operasjonane sine.

Seniorforskar ved Fafo, Morten Bøås, seier på si side at det er viktig å få konflikten i Mali inn på eit politisk spor. Han åtvarar mot å jakte på terroristar saman med hæren i Mali, ein hær som ikkje har det beste ryktet.

LES OGSÅ: – Ikke god nok sikkerhet i Algerie

– Noreg ikkje utsett

– Nokre nasjonar er meir utsette i jihad-universet enn andre. Noreg er ikkje eitt av dei landa. Det trur eg gjeld same om vi er med i militæroperasjonen eller ikkje. Det er ein viss risiko, men sjølv om vi har vore i Afghanistan i mange år, har vi ikkje opplevd jihadist-åtak på mål i Noreg, seier Atle Mesøy.

Mesøy trur heller ikkje det var vesentleg for terroristane kva land som eig gassanlegget i In Amenas.

– Det kan ha spelt ei rolle at det er vestlege land, men kva land det er blir ikkje skilt på så veldig. Og i In Amenas kan det ha vore algeriske interesser som blei utsette for angrep. Det er vanskeleg å seie noko absolutt om dette, meiner han.

LES OGSÅ: Truer landene som deltar i militæroperasjonen i Mali

Truslar frå terrorgruppe

Algeria Kidnapping

Terroraksjonen mot gassanlegget In Amenas kosta minst 29 utlendingar livet.

Foto: Ap

Terrorgruppa «Blodets underteiknarar» har fleire gonger den siste veka trua landa som deltek i militæroperasjonen i Mali. I dag kom dei også med truslar mot det dei kallar «Frankrikes vasallar». Vasallar er altså område som i mellomalderen hadde avgrensa sjølvstende og måtte ta ordrar frå ein annan stat.

Mesøy meiner det er særleg Frankrike jihadistane rettar vreiden sin mot, både fordi Frankrike går inn med soldatar i Mali, for fordi Frankrike er den gamle koloniherren.

– Jihadistar er opptekne av historia og forteljingar dei kan bruke til å passe inn i det svartkvite verdsbiletet sitt. Historia om Frankrike som kolonimakt og kampane på 1990-talet betyr mykje i deira bilete. Sjølv om Noreg skulle gå inn i Mali, har vi ikkje den historia, seier han.

LES OGSÅ: Hyller vakt som utløste alarm før han ble drept

LES OGSÅ: Gjennomgang av terror mot Statoil

– Stabiliserande faktor

Terrorforskaren trur at ei norsk deltaking i krigen i Mali kan verke stabiliserande på situasjonen i landet.

– Det er viktig å forstå kulturen i landet ein skal operere i, og skilje mellom dei ulike islamistgruppene. Noreg ligg langt framme på å forstå militant islamisme, og vi har etter kvart lang erfaring frå Afghanistan, seier han.

Mesøy håpar at Noreg vil tenkje på oppbygging av samfunnsmekanismar, samstundes som ein bidreg til ein militær strategi for å rydde ut terrorelementa.

LES OGSÅ: «Ny» front i krigen mot terror

– Nyttig bindeledd

Morten Bøås er knytt til forskingsinstitusjonen Fafo, men forskar på same fagfeltet som Mesøy. Han trur Noreg kan vere nyttig som bindeledd mellom dei to blokkene som vil vere involverte i Mali, EU og ei blokk av afrikanske land.

Seniorforsker ved FAFO, Morten Bøås

Morten Bøås er seniorforskar ved Fafo.

Foto: www.fafo.no

– Noreg har analytisk og operativ kompetanse, og vi har kompetanse på Mali som kan spele ei rolle, seier han til NRK.no.

Han meiner det er viktig å kjenne til problema som er der, og å få konflikten over på eit politisk spor. Han ser det som problematisk om Noreg skal jakte på terroristar saman med ein hær med eit dårleg rykte.

– Regjering utan folkeleg mandat

– Eg synest Frankrike er vel militaristiske. Dei har hoppa i seng med ei regjering utan eit folkeleg mandat og ein hær utan moralsk kompass, som alt har gjort seg skuldig i represaliar mot sivile, seier han.

Bøås håpar at Frankrike etter kvart forstår at det å operere med ein illegal hær gjer det umogleg å bidra til samarbeid.

Han minner om at Noreg blir sett på som del av eit vestleg prosjekt, men at Noreg uansett har ei lita rolle i det.

– Ikkje aggresjon mot Noreg

– Det er ingen grunn til å tru at angrepet mot In Amenas var utslag av aggresjon mot Noreg. Det skjedde der fordi det kunne skje der, og kanskje fordi anlegget blir drive av utanlandske aktørar, seier Fafo-forskaren.

Samstundes meiner Morten Bøås at det ikkje er noko grunn til at eit inntog i Mali skal skape mindre aggresjon, men heller ikkje meir. Eit mindre norsk bidrag vil ikkje auke terrorfaren her i landet, slik han ser det.

Han viser til at desse gruppene aldri har gått til angrep utanfor eigen region, og meiner at det vil ta lang tid før nokon kan gjere noko som liknar på In Amenas-åtaket igjen.

– Algerie tekne på senga

– Det vil krevje lang planlegging, og Algerie vil ha høgt merksemd på dette framover. Det har dei nok også hatt, men dei vart også tekne på senga. Terroristane leiter etter hol i tryggingsveggen, og det er ikkje mogleg byggje denne veggen så høg og tjukk at det ikkje kan finnast hol, seier han.

In Amenas

Statoil er deleigar av det store gassanlegget In Amenas i Algerie.

Foto: SCANPIX / Reuters

SISTE NYTT

Siste nytt