Hopp til innhold

- Aldri opplevd noko unormalt med brørne mine

– Eg veit ikkje kvar brørne mine er. For meg er dei normale karar, sa Mohammed Abdeslam, broren til to av terroristane som stod bak terroraksjonen i Paris sist fredag, der minst 129 menneske miste livet.

Mohammed Abdeslam, bror til to av Paris-terroristane.

Mohammed Abdeslam seier at han ikkje merka noko unormalt med dei to brørne sine, som begge deltok i Paris-terroren sist fredag.

Foto: STRINGER/BELGIUM / Reuters

Fransk politi meiner at Salah Abdeslam var den einaste av dei åtte som deltok i terroren i Paris, som overlevde. Han greidde å kome seg over grensa til Belgia etter angrepet, trass i at han vart stoppa i ei politisperring.

Den tredje broren, Ibrahim, sprengde seg sjølv i lufta utanfor restauranten Comptoir Voltaire i det ellevte arrondissement i Paris fredagskvelden

– Skulda for terror

Mohammed Abdeslam.

Mohammed Abdeslam møtte pressa utanfor heimen sin i bydelen Molenbeek i Brussel i ettermiddag.

Foto: Leila Khemissi / Ap

Mohammed Abdeslam vart arrestert i bydelen Molenbeek i Brussel i helga men vart seinare sett fri. Han heldt ein pressekonferanse utanfor heimen sin i ettermiddag.

– Eg vart skulda for terrorhandlingar, men eg har aldri vore med på noko slikt. Eg har vore tilsett i kommunen i ti år og har aldri hatt problem med lova. Eg har alibi, og dommaren fann ingen grunn til å halde meg fengsla. Familien vår har aldri hatt problem med lova, og foreldra mine er i sjokk. Brørne mine har verka normale, sa Mohammed Abdeslam blant anna.

Han sa vidare at familien ikkje visste at dei to brørne hans var i Paris fredag.

– Brørne mine er vaksne, vi spør ikkje kvar dei til ei kvar tid er. Sjølv om mange ikkje trur det, så har vi sterk medkjensle med dei som vart ramma i Paris, uttalte han.

Dette er Abdelhamid Abaaoud

Desse er mistenkte for terrorangrepet i Paris

Etterlyst

Salah Abdeslam er etterlyst internasjonalt etter terrorangrepa i Paris.

Foto: Fransk politi / AFP

– Årestad for terror

Familien Abdeslam bur i bydelen Molenbeek saman med svært mange andre med innvandrarbakgrunn frå Nord-Afrika. Bydelen, der det bur rundt 100.000 menneske, har fått rykte på seg for å vere ein årestad for terror.

Mange av innbyggjarane i bydelen er frustrerte over ryktet den tett busette bydelen har fått. Rundt 80 prosent av innbyggjarane har ifølgje det franske nyheitsbyrået AFP røtene sine i Nord-Afrika.

Bydelen har høg arbeidsløyse, spesielt blant ungdom. Det er kjent at radikale islamistar driv omfattande rekruttering her. I forhold til folketalet er Belgia det landet som har rekruttert flest frivillige til å kjempe for IS i Syria og Irak.

Bydelen Molenbeek i Brussel.

Molenbeek er ein problembydel i Brussel, og ekstreme islamistar driv aktiv rekruttering der.

Foto: DIRK WAEM / Afp

To av sju arresterte terrorsikta i Belgia

– Rekrutteringsbase

Styresmaktene reknar med at rundt 500 har reist frå Belgia til Syria, og at rundt 130 av dei har kome tilbake. Bydelen har dukka opp i kjølvatnet av fleire terroraksjonar dei siste åra.

Analytikar Claude Moniquet seier ifølgje NTB at Molenbeek har vore ein rekrutteringsbase for islamsk ekstremisme i over 20 år, og at folk frå bydelen har delteke i krigane i Algerie, Afghanistan og Bosnia. Han meiner at lokale styresmakter ikkje har våga å slå ned på problemet for å halde oppe ei fredeleg overflate blant innbyggjarane.

SISTE NYTT

Siste nytt