Det var Pakistans president Pervez Musharraf som i eit inrevju med CNN i kveld sa at pakistanske militære styrkar har omringa "eit verdfullt mål" i dei uvegsame fjellområda mellom Afghanistan og Pakistan.
Høgtståande
Han ville ikkje spekulere i kven det kan vere, bortsett frå at vedkomande er høgtståande i terror-organisasjonen.
Dette biletet av Osama bin Laden og hans nestkommanderande Ayman Al-Zawahri (t.v.) er frå ein video på Al Jazeera i oktober 2001. (Foto: APTN/AFP/Scanpix)
Ayman al-Zawahri kan vere omringa av pakistanske soldatar. (FBI/Getty Images)
Ein regjeringstenestemann sa seinare i kveld at det kan vere snakk om Ayman al-Zawahri, rekna som nummer to i Al Qaida etter Osama bin Laden. Ein annan tenestemann seier at det ikkje er Osama bin Laden som er omringa.
- Det går føre seg harde kampar i området. Måten desse folka yter motstand på, kan tyde på at det er ein svært viktig person dei forsvarar, truleg al-Zawahri, seier regjeringstenestemannen til nyheitsbyrået Reuters.
Luftangrep
Seint i kveld sa pakistanske regjeringskjelder til fleire nyheitsbyrå at dei har planar om luftangrep mot gøymestaden til dei omringa Al Qaida-medlemene. Det kan bli snakk om både å bruke kamphelikopter og jagarfly.
Det var Ayman al-Zawahri som i ein videotale i mai i fjor
sa at Noreg stod på lista over terrormål.
Egyptiske al-Zawahri er utdanna augekirurg. Han blir rekna for å ha vore hjerna bak terrorangrepa mot New York og Washington 11. september 2001.