Hopp til innhold

- Al Qaida i djup krise etter IS-framgang

To viktige åndelege Al Qaida-leiarar, Abu Qatada og Abu Muhammad Al Maqdisi, vedgår at organisasjonen ikkje lenger fungerer. Årsaka er framveksten til Den islamske staten, seier dei. USA trur ikkje fiendskapen mellom terrorgruppene stikk så djupt.

Abu Qatada Abu Mohammad al Maqdisi (t.v.)

Abu Qatada (t.h.) og Abu Muhammad Al Maqdisi er rekna for å vere blant dei viktigaste åndelege inspirasjonskjeldene for Al Qaida-nettverket.

Foto: MAJED JABER / Reuters

Det er den britiske avisa The Guardian som har snakka med dei to jihadist-ideologane. Abu Qatada er opphavleg frå Jordan, men opererte i London i mange år heilt til han vart utvist i 2013. Abu Muhammad Al Maqdisi er ifølgje avisa den viktigaste åndelege rettleiaren for jihadistar, altså heilage krigarar, i verda i dag.

Han var i si tid mentor for Abu Musab Al Zarqawi, den illgjetne grunnleggjaren av Al Qaida i Irak.

Al Qaidas leder Ayman al-Zawahiri.

Ayman Al Zawahiri tok over som leiar i Al Qaida etter Osama bin Laden. No fungerer ikkje organisasjonen lenger.

Foto: AFP

Maqdisi seier i intervjuet at leiaren for Al Qaida, den egyptiske augelegen Ayman Al Zawahiri, ikkje lenger har kontakt med kommandantane sine i landa dei opererer i. Den einaste grunnen til at Al Qaida framleis eksisterer er Zawahiris appellar om lojalitet.

– Rekrutteringa stansa

Maqdisi, som Zawahiri reknar som ei nær ven, er open om situasjonen til den 63 år gamle Al Qaida-leiaren.

– Det er ingen organisasjonsstruktur igjen. Det einaste som er igjen er gammal lojalitet, seier han i intervjuet med Guardian.

Folk i Jordan som kjenner Al Qaida frå innsida, seier at både rekrutteringa og pengestraumen til Al Qaida-nettverket har stansa opp i heile Midtausten. Årsaka er i hovudsak framveksten til IS i Irak, Syria og fleire andre land Midtausten.

Abu Qatada

Abu Qatada vart utvist frå Storbritannia i 2013. Han bur no i heimlandet Jordan, der han i fjor vart frikjent for terroraktivitet.

Foto: NEIL HALL / Reuters

Abu Qatada, som den britiske regjeringa har karakterisert som «eit verkeleg farleg individ», seier i intervjuet med Guardian at Zawahiri no er isolert, og han vedgår at IS har vunne både propagandakrigen og bakkekrigen mot Al Qaida.

Kvoteflyktninger mistenkt for terror

Nusrafronten sikter mot Damaskus

Utvist frå Storbritannia

Qatada vart utvist frå Storbritannia til Jordan i 2013, etter ein ti år lang kamp med det britiske innanriksdepartementet. Han vart fengsla og tiltalt for terror i Jordan, men vart sett fri i fjor sommar.

Han er ein skarp kritikar av IS, og i intervjuet med Guardian kallar han blant anna IS «ein kreftsvulst» i jihadistrørsla.

John Kerry
Foto: POOL / Reuters

IS var eigentleg ei grein av Al Qaida, men dei skal ha vorte kasta ut av terrornettverket etter at dei nekta å ta mot ordrar frå Zawahiri, og dei gjekk til angrep på andre jihadistgrupper i Syria. Maktkampen mellom Al Qaida og IS held fram, men det er lite tvil om at det er IS som har momentum.

Etter at IS erklærte etableringa av eit islamsk kalifat i fjor har organisasjonen greidd å skaffe seg fotfeste i eit område som strekkjer seg frå Afghanistan til det vestlege Afrika. IS har gjort det klart at dei ikkje vil tolerere konkurrerande jihadistgrupper i områda der dei opererer.

Frykter IS har kommet for å bli

Varsler langvarig kamp mot ekstremistene

– Intern småkrangling

Ein tidlegare amerikansk etterretningsoffiser, som ikkje vil stå fram med namn, seier i ein kommentar at overveldande fleirtal av høgtståande etterretningsfolk ikkje ser på den tilsynelatande fiendskapen mellom Al Qaida og IS som noko anna enn «litt intern småkrangling».

Også USAs utanriksminister John Kerry har fleire gonger sagt at rivaliseringa mellom dei to gruppene er «kosmetisk», og den viktigaste Irak-rådgjevaren hans, Brett McGurk, har gjenteke ved fleire høve at «IS er Al Qaida».

Toppmøte i Paris setter IS-innsats under lupen

SISTE NYTT

Siste nytt