NRK Meny
Normal

- Afrika kan klare det

- Afrika treng sterke institusjonar, ikkje sterke menn, sa USAs president Barack Obama i talen sin i parlamentet i Accra i Ghana i dag.

Video nsps_upload_2009_7_11_15_48_24_583.jpg

Sjå utdrag frå talen tl Barack Obama i Accra i Ghana.

Han sa samstundes at at afrikanarane må ta større ansvar for å bli kvitt krig, korrupsjon og smittsame sjukdomar.

Den amerikanske presidenten, på sitt første besøk sør for Sahara etter at han vart president, gjorde det klart at USA og andre vestlege land vil hjelpe dei landa som sjølve tek grep.

God styring

- Utvikling ern avhengig av god styring. God styring har mangla i altfor mange afrikanske land for lenge. For å få til ei endring er naudsynt at afrikanarane sjølve tek ansvar. Og denne endring vil utløyse Afrika sitt potensiale, sa Obama i talen sin.

Obama vart teken mot som ein helt i Ghana

Ein heller original måte å heidre den amerikanske presidenten på.

Foto: FINBARR O'REILLY / REUTERS

Han valde Ghana for å leggje fram sin Afrika-politi nettopp fordi han meiner Ghana kan vere ein rollemodell for andre afrikanske land. Landet har utvikla seg til å bli eit stabilt demokrati, og landet har gjort store økonomiske framsteg.

Obama gjekk til harde angrep på korrupsjonskulturen i mange afrikanske land.

Korrupsjon

- Ikkje noko land vil bli rikt dersom leiarane utnyttar økonomien til å gjere seg sjølve rike. Ingen utanlandske selskap vil investere i eit land der leiarane stikk av med 20 prosent av overskotet, eller i eit land der politiet er kjøpt av narkotikahandlarar, sa han blant anna.

Obama kalla dei mange konfliktane som herjar på kontinentet for ein møllestein rundt halsen til Afrika, og han nemnde folkemord i Darfur og terror i Somalia som globale problem.

Han sa at desse konfliktene krev ein internasjonal respons, og han lova amerikansk hjelp til å stille kriminelle til ansvar.

"Yes, you can"

- De kan kjempe mot sjukdom, gjere slutt på konfliktar og kjempe gjennom endringar nedanfrå og opp. De kan gjere det. "Yes, you can", sa han og henta fram sitt eige valkampslagord i ei helsing retta spesielt til unge afrikararar.

Barack Obama kom til Ghana i går kveld og fekk nærmast ei heltemottaking. Han blir behandla som ein heimvend son, sjølv om Obama sine røter er i eit anna afrikansk land, Kenya.

LES OGSÅ: Jubel for Obama i Ghana

LES OGSÅ: «Obama» fra Ghana

LES OGSÅ: Lover å begrense antall aborter

LES OGSÅ: Anklager G8 for å svikte de fattige

Ghanesiske kvinner dansar for Barack Obama

Ghanesiske kvinner dansar for Barack Obama i Accra.

Foto: Charles Dharapak / AP
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt