Hopp til innhold

- «Skrekkens tannlege» tiltalt for mishandling av over 100 pasientar

Den avsidesliggjande franske landsbyen leid av desperat mangel på kvalifisert helsepersonell. Ein nederlandsk tannlege vart «headhunta», men resultatet var katastrofalt.

Skrekkens tannlege for retten i Frankrike.

Rettsteikning av den nederlandske tannlegen Mark Jacobus van Nierop

Foto: BENOIT PEYRUCQ / Afp

I dag starta rettssaka mot Mark Jacobus van Nierop (51). Han er tiltalt for å ha mishandla over 100 pasientar sidan han kom til landsbyen Chateau-Chinon i 2008.

Han skal ha trekt ut friske tenner, var årsak til kjevebrot, stadig tilbakevendande verkebyllar og blodforgifting. Tiltalen inkluderer også grov lekamsskading og svindel. Han

Saksmappene i tannlegesaken.

Det er ei stor mengd saksmapper i saka mot den nederlandske tannlegen. Gruppa av offer for feilbehandling tel 120 medlemer.

Foto: PHILIPPE DESMAZES / Afp

skal ha prøvd å svindle både pasientar og forsikringsselskap.

Risikerer ti års fengsel

Om den nederlandske tannlegen blir funnen skuldig etter tiltalen, risikerer han ti år i fengsel og ei bot på rundt 1,4 millionar kroner.

Sylvaine Boulesteix (65) er ei av dei som skal vitne mot van Nierop i rettssaka. Ho hadde bestilt time for å tilpasse ein protese.

– Han gav meg sju eller åtte injeksjonar, og så fjerna han åtte tenner i ein operasjon. Eg striblødde i tre dagar etterpå, seier ho til nyheitsbyrået AFP. 80 år gamle Bernard Hugon fortel at det hang strimlar av kjøt over alt etter at tannlegen hadde fjerna ei tann.

Den pensjonerte læraren Nicole Martin miste fleire tenner etter å ha fått verkebyllar takka vere det ho kallar «grufulle operasjonar».

- Kva gong sa han at han skulle gi meg ei lite stikk, og eg sovna. Då eg vakna kunne eg finne ein Post-it-lapp på meg om at eg skulle kome tilbake om ein dag eller to, seier ho.

Arrestert – men stakk

Det var Nicole Martin som i 2013 tok initiativ til ei gruppe for dei som var offer for tannlegen, og i løpet av kort tid hadde gruppa 120 medlemer. I juni same året vart Van Nierop arrestert av politiet, men han vart sett fri fram til rettssaka. Då nytta han høvet til å stikke av.

Vitne i rettssaka mot nederlandsk tannlege.

Mange av dei som har vore utsette for den nederlandske tannlegen skal vitne i rettssaka, som starta i dag.

Foto: PHILIPPE DESMAZES / Afp

Det vart sendt ut ein internasjonal arrestordre på han, og i september 2014 vart han funnen i ein liten by i New Brunswick i Canada. Lokale nyheitsmedium melde då at han prøvde å skjere over strupen sin under arrestasjonen,

Van Nierop gjorde deretter alt han kunne for å hindre at han vart utlevert til Nederland eller Frankrike. Han skulda på psykiske problem, sjølvmordstankar og problem med kjønnsidentiteten, men han vart til slutt utlevert til Frankrike. Der fekk han plass på eit psykiatrisk sjukehus i Loiret sør for Paris.

– Spelte galen

Han sa at han hadde teke livet av den første kona si. Han spelte galen, han sa at han var transseksuell, han gjorde alt for å hindre utlevering, seier Nicole Martin til AFP.

Nederlandske nyheitsmedium melder at Van Nierop var under etterforsking for si utøving av tannlegeyrket i heimlandet før han reiste til Chateau-Chinon.

france

SISTE NYTT

Siste nytt