NRK Meny
Normal

- 89 omkom i sjukehusbrann i India

Talet på omkomne etter sjukehusbrannen i den indiske byen Kolkata (tidlegare Calcutta) stig. Politiet seier no at minst 89 menneske omkom.

Katastrofal brann på sjukehus i Kolkata.

Det vart sett i verk ein stor redningsaksjon for å få ut pasientar frå sjukehuset.

Foto: Bikas Das / Ap

Pasient blir berga ut frå sjukehuset i Kolkata.

Ein pasient blir berga ut frå det brennande sjukehuset.

Foto: STRDEL / Afp

Tidlegare har nestsjefen ved sjukehuset opplyst at 73 omkom og at 87 blei redda.

Dei fleste av dei omkomne var pasientar. Det tok lang tid før brannmannskapa fekk ein viss kontroll over flammane. Det er uklart om det framleis er menneske inne i sjukehuset.

Vanskeleg redningsarbeid

Det har kome ulike opplysningar om kor mange som har mista livet.

– Eg har enno ikkje alle deltaljar om det som har skjedd, men det er minst 60 omkomne, sa leiaren for delstatsregjeringa i Vest-Bengal, Mamata Banerjee litt tidlegare i dag.

Fjernsynsstasjonen NDTV meldte at 73 menneske omkom i brannen, 70 pasientar og tre tilsette.

Minst 25 brannbilar kom raskt til det sju etasjar høge sjukehuset, men tjukk røyk gjorde redningsarbeidet vanskeleg. Dei fekk ikkje opp stigane, slik at det tok lang tid før mannskapa kom seg inn i sjukehuset.

- I mellomtida hadde røyken spreidd seg til heile sjukehuset, seier Firhad Hakim, som er statsråd for byutvikling i delstatsregjeringa.

Det er mistanke om at brannen starta i kjellaren på sjukehuset, der det var lagra oksygenflasker.

Full gransking

Mamata Nanerjee varslar full gransking av katastrofebrannen i Kolkata, og han ser svært alvorleg på det dersom det viser seg at brannberedskapen ved sjukehuset har vore for dårleg.

Det samla seg mange pårørande utanfor sjukehuset, og mange av dei var i uvisse om slektningane deira var i live eller ikkje.

- Mor mi er på intensivavdelinga, ho er 70 år. Eg veit ikkje om ho lever, seier ei gråtande kvinne, Khokon Chakravathi, til nyheitsyrået AFP.

Video aa76739e-a992-4bb3-ab95-f65664e4532c.jpg

Branntragedie på sjukehus i Kolkata

Ein pasient er henta ut frå sjukehuset i Kolkata.

60 menneske skal vere berga ut av sjukehuset i live.

Foto: Bikas Das / Ap

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt