Medlemene i bondepartiet Ozod Dekhaonlar har i to dagar gått frå hus til hus Andisjan oog spurt om nokon i familien vart drepne i uroa.
Usbekarar prøver framleis å kome seg over frensa til Kirgisistan. (Foto: Reuters/Scanpix)
- Hittil har vi kome til 745 drepne. Vi held fram med kartlegginga, og talet kan bli høgare, seier partileiaren Nigara Hidojatova.
Statsadvokaten i Usbekistan sa i dag at 169 menneske hadde mist livet i samanstøytane. Tidlegare har styresmaktene sagt at berre 30 menenske vart drepne i uroa.
Det har kome fram skuldingar om at tryggingsstyrkane gjennomførde ein regelrett massakre mot demonstrantane.
Styresmaktene i Usbekistan seier at det var islamistiske ekstremistar som stod bak opprøret, men politiske observatørar i landet meiner det var langt breiare samansett.
NRKs utanriksmedarbeidar Morten Jentoft, som har besøkt Usbekistan fleire gonger, seier at det ikkje er tvil om at det er islamistiske ekstremistar blant demonstrantane, men at også fleire andre grupper er med.
Han kallar regimet i Usbekistan for svært autoritært.
I dag retta representantar for opposisjonen ei bøn til USA om hjelp til å fjerne den upopulære presidenten Islam Karimov.
Usbekistan er ein viktig alliert for USA, som har fleire store mlitærbasar i landet.