Hopp til innhold

- 60-70 desertørar drepne i Syria

Mellom 60 og 70 syriske soldatar vart drepne då dei ville desertere og slutte seg til opprørarane, seier ei syrisk menneskerettsgruppe.

Demonstrasjon mot regimet i Syria

Demonstrasjonane mot det syriske regimet har vakse seg stadig større.

Foto: HANDOUT / Reuters

Soldatane vart skotne då dei ville forlate stillingane sine for å bli med på opprøret, seier gruppa i ei melding til AFP i Nicosia på Kypros.

Syria

Opprøret mot president Bashar al-Assad og hans regime blir stadig meir blodig.

Foto: Muzaffar Salman / Ap

Drapa skal ha skjedd i byane Kansafra og Kafr Awid. Det er overlevande som skal ha kome med opplysningane. Meldinga er ikkje stadfesta av andre kjelder.

Avtale om observatørar

I dag vart det inngått ein avtale mellom syriske styresmakter og Den arabiske liga om å sleppe observatørar inn i landet. Syrias utanriksminister Walid al-Moualem seier at observatørar frå Den arabiske liga no kan reise inn i landet for å følgje med på utviklinga.

Syriske styresmakter seier at dei har gått med på fredsplanen etter tilråding frå Russland, som lenge har vore ein nær støttespelar for Syria. Avtalen vart signert i hovudkvarteret til Den arabiske liga i Kairo, og det var viseutanriksminister Faisal Mekdad som skreiv under på vegner av Syria.

LES OGSÅ: Hevder Syria vil signere fredsplan

LES OGSÅ:

– Svindelavtale

Opposisjonen kallar avtalen for svindel, og Burham Ghalium, som er leiar for Det syriske nasjonalrådet, seier at regimet berre prøver å hindre at Syria blir ei sak for Tryggingsrådet i FN. Han trur ikkje Assad-regimet kjem til å gjennomføre planen.

Han seier også at opposisjonen vil be Den arabiske liga om å intervenere militært dersom regimet held fram med å bruke vald mot demonstrantar.

LES OGSÅ: Slaget og brannen som endret alt

LES OGSÅ: Russland foreslår FN-resolusjon mot Syria

SISTE NYTT

Siste nytt