- 3,5 millionar born kan døy

- 3,5 millionar pakistanske born står i fare for å bli ramma av dødelege infeksjonssjukdomar etter flaumen i landet, seier ein FN-talsmann.

Flomrammede barn i Pathan Wala i Pakistan

FN fryktar at 3,5 millionar born kan bli ramma av dødelege infeksjonssjukdomar,

Foto: BANARAS KHAN / Afp
Mange born er ramma av flaumen i Pakistan.

Flaumen i Pakistan har ramma borna hardt.

Foto: HO / Reuters

Maurizio Giuliano er talsmann for FN sin naudhjelpsorganisasjon. Han seier også at Verdas helseorganisasjon (WHO) er klar til å setje i verk tiltak for å hjelpe i tilfelle utbrot av kolera.

LES OGSÅ: Raja: Norge har mindre empati med muslimer

- WHO legg planar for å hjelpe rundt 140.000 menneske i tilfelle eit kolera-utbrot, men vi har enno ikkje fått stadfesta frå pakistanske styresmakter at det er oppdaga kolera etter flaumen, sa Giuliano til nyheitsbyrået AFP i Islamabad i føremiddag,

Video Frykter mange syke barn i Pakistan

VIDEO: Frykter dødelege infeksjonssjukdomar i Pakistan.

Han sa at det å få fram reint vatn til dei flaumramma områda har topp prioritet. Reint vatn er heilt naudsynt for å hindre at sjukdomar spreier seg med flaumvatnet, og det er stor mangel på reint vatn i flaumoråda.

LES OGSÅ: – Pakistan trenger ikke vestlig hjelp

LES OGSÅ: Ban Ki-moon: Har aldri sett noe verre

Giuliano seier at i alt seks millionar menneske står i fare for å bli ramma av dødelege infeksjonssjukdomar, og 3,5 millionar av desse er born.

FN-talsmannen ber verdssamfunnet om meir pengar til å drive hjelpearbeid. Han fryktar at Pakistan står framfor ei ny bølgje av dødsfall på grunn av infeksjonssjukdomar som kolera, diaré, dysenteri og hepatitt A og E.

Enorme område ligg under vatn i det nordvestlege Pakistan.

Enorme område ligg under vatn i det nordvestlege Pakistan.

Foto: TIM WIMBORNE / Reuters

LES OGSÅ: Tror koleraepidemi kan forhindres i Pakistan

LES OGSÅ: - 20 millioner er hjemløse i Pakistan

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt