NRK Meny
Normal

- 22-åringen venta berre på terror-ordren

– Den 22 år gamle asylsøkjaren, som vart arrestert i går mistenkt for å ha planlagt terror i Roma, venta berre på den endelege ordren om å gjennomføre eit angrep, seier aktor i saka mot han.

Den mistenkte imamen i Campobasso.

Den 22 år gamle somaliske mannen vart overvaka av politiet i to månader før han vart arrestert i går.

Foto: Polizia de Stato Italia

Den somaliske 22-åringen opererte som imam på eit asylmottak i den søritalienske byen Campobasso. Han kom til Italia som asylsøkjar, og han har brukt tida på asylmottaket til å prøve å få andre med seg på heilag krig.

Politiet har overvaka mannen i to månader, og i går slo dei til og arresterte han fordi dei frykta at han ville reise til Roma for å gjennomføre eit angrep .

– Sterk i trua

Aktor Armando D'Alterio seier til det italienske nyheitsbyrået ANSA at 22-åringen er svært sterk i trua på at det han står for er det rette. Han er glødande islamist og oppteken av heilag krig, og politiet har teke beslag i store mengder propaganda for terror. Han har hylla Al Qaida, IS og terroraksjonane i Paris.

D'Alerio er sikker på at straks ordren om å gjennomføre eit angrep hadde kome, så ville 22-åringen gjere det han vart beden om.

– Dette er ikkje ein mann som er ute av kontroll. Han har venta på ordren, det er det einaste han har venta på, seier Armando D'Alterio.

Politiet har sikra seg opptak der den somaliske mannen hyllar terroraksjonane i Paris, og der han seier at det einaste rette er å aksjonere sjølv. Han snakkar om å starte på den viktigaste jernbanestasjonen i Roma, Termini.

EU vil ta Europas farligste rømlinger

Belgisk politi ble varslet om Paris-angripere ett år før

– Charlie Hebdo var starten

Forsvararen til 22-åringen, Antonio Di Renzo, seier at klienten hans ikkje forstår kvifor han er arresterte, fordi han ikkje har gjort noko gale. Han fortel at han har brukt mykje av tida saman med klienten til å forklare han korleis den italienske straffelova verkar.

Ifølgje politidokumenta har han blant anna sagt følgjande:

– La oss starte med Italia, la oss reise til Roma og starte med stasjonen. Krigen held fram. Charlie Hebdo var berre starten på det som skjer. Der er ein enklare veg. Å utstyre seg og sprengje seg sjølv i lufta.

Laster kart, vennligst vent...
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt