- 2000 soldatar drepne i Syria

Syriske styresmakter seier at 2000 soldatar og medlemer av tryggingsstyrkane er drepne av opprørarar sidan oppstanden i landet starta i mars i år.

Frå opprørsbastionen Homs i Syria 22. desember 2012.

Det har også i dag vore skyting i opprørsbastionen Homs i Syria.

Foto: Anonym / Ap

Tala vart lagde fram i eit brev til FN, og som er vidareformidla av det statlege nyheitsbyrået SANA.

Den arabiske liga

Demonstrasjon i Damaskus

I går var det store støttedemonstrasjonar for det sitjande syriske regimet i Damaskus.

Foto: LOUAI BESHARA / Afp

Dette skjer samstundes med at dei første medlemene av ei overvakingsgruppe frå Den arabiske liga kom til Damaskus. Desse skal førebu utplasseringa av observatørar frå ligaen i alle område der det har vore uro dei siste ni månadene.

Dette er del av ein fredsplan som er utarbeidd av Den arabiske liga, og som styresmaktene i Syria har godteke.

FN har estimert det samla talet på drepne i Syria sidan oppstanden starta til rundt 5000. Ei opposisjonsgrupe med base i London, Avaaz, seier at over 6000 menneske er drepne sidan opprøret starta, 617 av dei under tortur. Vidare hevdar gruppa at minst 400 av dei drepne er born.

Dei syriske opposisjonsgruppene hevdar at tryggingsstyrkane skyt og drep fredelege demonstrantar, og dei har bede FN og Den arabiske liga om hjelp til å verne sivile.

LES OGSÅ: Krev hastemøte om Syria i FN

LES OGSÅ: Blodig tirsdag i Syria

– Større væpna motstand

Det syriske maktapparatet seier at dei ikkje skyt på fredelege demonstrantar, men berre på væpna opprørarar.

Om talet på 2000 drepne soldatar er rett, tyder det på at den væpna motstanden mot regimet er mykje større enn ein tidlegare har trudd. Talet kan ikkje verifiserast av uavhengige kjelder.

LES OGSÅ: - 60-70 desertørar drepne i Syria

SISTE NYTT

Siste nytt

Videotoppmøte: Biden advarte Putin om harde tiltak hvis Ukraina angripes

Videomøtet mellom presidentene Vladimir Putin og Joe Biden varte i litt over to timer i kveld. I en uttalelse fra Det hvite hus heter det at det vil komme en kraftig vestlig reaksjon dersom Russland angriper Ukraina. Men det ser ikke ut til å ha kommet noen gjennombrudd i samtalene.