Hopp til innhold

- 15 soldatar drepne i Aleppo

Ei syrisk menneskerettsgruppe seier at 15 regjeringssoldatar er drepne i eit bakhald i Aleppo-provinsen i Syria. Ein oberst skal vere blant dei drepne.

Ein syrisk soldat i stilling bak barrikadar i Homs.

Ein syrisk soldat står klar med maskingeværet bak ein barrikade av sandsekkar i opprørsbastionen Homs.

Foto: JOSEPH EID / Afp

Også to av opprørarane vart drepne i kampane som fylgde, opplyser gruppa Syrian Observatory for HUman Rights, som har base i Storbritannia. Samstundes kjem det meldingar om at seks soldatar er drepne i kampar i Harasta, ein forstad til hovudstaden Damaskus.

Ein mann i Homs uttrykkjer misnøye med å bli stansa av ein syrisk soldat.

Ein syklist i Homs uttrykkjer misnøye med å bli stansa av ein syrisk soldat.

Foto: JOSEPH EID / Afp

Det er også meldt om valdshandlingar i den austlege provinsen Deir Ezzor og i Daara i sør. Det er også meldt om skyting i opprørsbastionen Homs, ein av byane som er hardast ramma av kamphandlingar etter at opprøret starta for rundt eitt år sidan.

Syriske styresmakter har enno ikkje kommentert meldinga om angrepet, som er eit nytt alvorleg brot på våpenkvile-avtalen frå 12. april.

LES OGSÅ: Utrygt for observatørerer i Syria

LES OGSÅ: Syria:– Flere drept i eksplosjoner

Avtalen er forhandla fram av FNs spesielautsending til Syria, tidlegare generalsekretær i FN. Kofi Annan.

Sjefen for dei FNs fredsbevarande operasjonar, den franske diplomaten Herve Ladsous, seier at begge partar i konflikten i Syria bryt våpenkvileavtalen frå 12. april.

Ladsous seier dette etter at opposisjonsgrupper har skulda dei syriske regjeringsstyrkane for å ha gjennomført ein massakre i Idlib tidlegare denne veka.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

LES OGSÅ: Fleire drepne i Syria trass våpenkvile

SISTE NYTT

Siste nytt