Normal

- 120.000 demonstrerer i Moskva

Arrangørane seier at 120.000 menneske deltek i demonstrasjonane mot det russiske regimet i Moskva i dag.

Protestane mot valet i Russland held fram i Moskva.

Fleire tusen menneske deltek i den store demonstrasjonen i Moskva.

Foto: SERGEI KARPUKHIN / Reuters

Ein av leiarane for demonstrasjonen, den kjende bloggaren Alexej Navalny , lovar å samle over ein million menneske i Moskvas gater ved neste demonstrasjon. I ein tale til folkemassane i dag lovde han at regimet til Putin og Medvedev vil bli kasta på ein fredeleg måte når Putin igjen stiller i presidentvalet neste år.

– Vi er fredelege

Alexej Navalny

Alexej Navalny lovar ein million menneske i gatene ved neste demonstrasjon.

Foto: MIKHAIL VOSKRESENSKY / Reuters

– Det er nok menneske her til at vi kunne ha innteke Det kvite huset (parlamentet) her og no. Men vi er fredelege menneske, og vi vil ikkje gjere det, ikkje no, sa han blant anna i talen sin.

Navalny sa ikkje når den neste demonstrasjonen blir. Men under eit planleggingsmøte i Moskva torsdag, der NRK.no var til stadfes, vart ei av dei siste helgene i januar nemnt.

– Vi fortsetter med full styrke, sa han til NRK.no, og i dag gjentok han lovnadene om å halde fram protestane heilt til resultatet frå parlamentsvalet 4. desember blir erklært ugyldig.

På førehand var det gitt løyve til at 50.000 kunne delta, men det er vanskeleg å få verifisert talet arrangøren opererer med.

NRKs Moskva-korrespondent Hans Wilhelm Steinfeld er til stades på Shakarovplassen i sentrum av Moskva. han. Han seier det godt kan vere 100.000 menneske der, og at demonstrantane ber plakatar med krav om nyval.

– Dobbelt så stor

Enorme menneskemengder deltek i protestane i Moskva.

Arrangøren meiner at 120.000 menneske har delteke i protestane i Moskva i dag.

Foto: DENIS SINYAKOV / Reuters

Han seier at det verkar som om denne demonstrasjonen er dobbel så stor som protesten i Moskva 10. desember .

* Video lenger ned i saka.

Dette er den andre store protesten i Moskva etter parlamentsvalet 4. desember, og altså den største.

Det er demonstrasjonar over heile Russland i dag, frå Vladivostok i aust til St. Petersburg i vest.

Mange unge demonstrantar

Steinfeld fortel at alt førebels går roleg føre seg, og at det er svært mange unge blant demonstrantane. Men han har også snakka med ein oberst i den russiske hæren, som rett ut seier at han gjerne skulle ha gitt både Vladimir Putin og Dimitrij Medvedev ein på trynet.

– Vi vil ikkje bli behandla som sauer, seier obersten.

Demonstrasjonen rettar seg spesielt mot Vladimir Putin.

Demonstrasjonen rettar seg først og fremst mot Vladimir Putin.

Foto: SERGEI KARPUKHIN / Reuters

Folk snakkar om at det har blitt gjennomført eit statskupp gjennom valet tidlegare denne månaden, seier Steinfeld.

Kondom rundt halsen

Blant dei mange plakatane som er å sjå er ein med eit bilete av Vladimir Putin, der han har ein gigantisk kondom drapert rundt halsen. Dette er ei takk for sist etter at Putin sa i eit fjernsynsprogram at han trudde at dei kvite banda demonstrantane bar ved ein tidlegare protest, var kondom.

Klikk for å sjå video:

Video Jule-protesten i gang i Moskva

NETT-TV: Så langt har over 20.000 menneske møtt opp for å protestere.

Blant dei som deltek i demonstrasjonen i dag er tidlegare finansminister Alexej Kudrin. Han er ein av mange som krev nyval i Russland etter parlamentsvalet, som stadig fleire meiner var dominert av valfusk.

Han i talen sin at det er fare for revolusjon i Russland, dersom ikkje Kreml er villig til å gå gå i dialog med demonstrantane.

– Eit slagkraftig alternativ

Også den kjende sjakkspelaren og opposisjonspolitikaren Gary Kasparov har talt til demonstrantane i Moskva. Han seier at opposisjonen skal bruke Internett aktivt nesten år til å skape eit slagkraftig alternativ til Putin. Han er sikker på at det blir ein ny politisk vår i Russland i 2012.

NRKs Moskva-korrespondent meiner det verkar heilt klart at folk ikkje har blitt roa av Dimitrij Medvedevs tale til nasjonen tidlegare denne veka, der han lovde ei demokratisk utvikling i Russland.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt