Hopp til innhold

Lyst til å prøve deg som kanalvert? Nå har du sjansen

Eller har du alltid drøymt om å vere med i ei Jo Nesbø-bok? Begge deler kan du by på og vinne under auksjonen til TV-aksjonen.

Kanalvert Ingvild Helljesen

Nå kan du få sjansen til å prøve deg som kanalvert. Ingvild Helljesen her i kanalvertstudio.

Foto: Anne Liv Ekroll / NRK / Anne Liv Ekroll

Søndag 20. oktober er det duka for TV-aksjonen. I år går pengane til Care Norge som skal løfte kvinner ut av fattigdom i nokre av dei mest sårbare områda i verda.

Sjølv om det framleis er ei lita stund til sjølve aksjonen med bøsser og tv-sending, kan du allereie nå tjuvstarte på årets aksjon ved å legge inn bod på auksjonen.

Du kan blant anna by på dette:

1. Kanalvert-annonsering på NRK1

Vinnaren av auksjonen får vere med å forme og utføre ei annonsering av eit program på NRK1. Det skjer i samarbeid med kanalvert Ingvild Helljesen, og kanskje blir det favorittprogrammet ditt du får introdusere.

Før Lindmo på fredag var Robert Stoltenberg gjest hos kanalvert Ingvild Helljesen for å snakke om ein av tinga du kan by på under auksjonen.

2. Morgenklubben-sending heime hos deg
Lyst å drikke morgonkaffi med gjengen på bildet under?

Få Morgenklubben si fire timar lange direktesending heim til deg, enten privat eller til bedrifta di.

Morgenklubben
Foto: Radio Norge

3. Namnet ditt i neste Jo Nesbø-bok

Kva med å bli med på ei temmeleg eksklusiv liste? På auksjonen kan du by på at namnet ditt blir med i neste bok av Jo Nesbø.

Ingrid Gjessing Linhave, Mikkel Niva, Jo Nesbø
Foto: NRK

4. NRK sitt VM-bord frå Seefeld med autografar frå utøvarane

Under sendinga frå VM-studio i Seefeld, brann alle medaljevinnarane namnet sitt inn i bordet som stod i studio. Nå kan det bli ditt, til odel og eige.

VM-bordet
Foto: NRK

5. Originalmanuset til Kristoffer Hivju sin favorittepisode i tv-serien Game of Thrones

Saknar du Game of Thrones-universet? Då kan du trøyste deg med at du nå kan få tak i eit originalmanus frå favorittepisoden til Hivju – Battle of the Bastards. Manuset kjem med handskrivne notat frå skodespelaren sjølv.

Hivju Game of Thrones
Foto: HBO Nordic

Fann du ikkje noko du ville kjøpe på TV-aksjonen sine auksjonssider? Då kan du sjekke ut fleire ting på P3-aksjonen sin auksjon her.