Hopp til innhold

Kva vil du by på?

TV-aksjonen gir deg sjansen til å bestemme kva folk skal by på. Kanskje blir det din idé som heile Norge sloss om.

TV-aksjonen
Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

Tidligare år har folk gjennom TV-aksjonen sin auksjon fått kjøpt seg gjesteplass i Nytt på Nytt , kjøpt den kjente Autofil-bobla eller fått Finn Bjelke i Popquiz heim i stua.

Slik gjekk auksjonane i 2008

I år kan du vere med og bestemme kva du vil by på.

Hjelper jenter og kvinner

I år skal pengane frå årets TV-aksjon gå til CARE, ein hjelpeorganisasjon som jobbar spesielt mot jenter og kvinner.

TV-aksjonen i år går til kvinner og jenter, fordi dei rammast hardare av fattigdom, nød og diskriminering. Å hjelpe ei kvinne betyr å hjelpe fleire. Metoden CARE brukar er spare- og lånegrupper. Små, lokale sparebankar som er eigd og driven av kvinnene sjølv.

Dette går årets TV-aksjon til

Du bestemmer

TV-aksjonen
Foto: Eirik Sørensen

Er det noko du har sakna i TV-aksjonen, som du trur folk vil by på? Her er sjansen din!

Programleiar og auksjonarius Rune Gokstad vil ha alle slags forslag til kva folk kan by på.

- Ingen forslag er for store og ingen for små. Berre ein held seg innanfor straffelova er alt lov.

Skriv i kommenteringsfeltet under kva du vil sjå auksjonert vekk i TV-aksjonen den 18. oktober 2009.