Hopp til innhold

Care Norge: – Det er heilt sikkert at 400.000 kvinner får hjelp

TV-aksjonen samla inn 240.498.148 millionar kroner til Care Norge. Det jublar dei for.

TV-aksjonen 2019 - Nå er det hennes tur

TV-aksjonen 2019 gjekk til Care Norge som skal løfte kvinner ut frå fattigdom i nokre av dei mest sårbare områda i verda.

Dagen etter TV-sendinga hadde Care Norge og TV-aksjonen fått 221.397.336 kroner.
Oppdatering 20. desember: Det endelege resultatet viser eit sluttresultat på 240.498.148 kroner.

– Resultatet av TV-aksjonen vil bety enormt mykje for kvar einaste ei av kvinnene som nå får moglegheit til å tene sine egne pengar, bestemme over eigen kropp og få si stemme høyrd, sa Gry Larsen, generalsekretær i Care Norge like etter sendinga var ferdig søndag.

Gry Larsen

Generalsekretær i Care, Gry Larsen.

Foto: Greg Rødland Buick/CARE

Larsen får støtte av utanlandssjef i Care, Kjersti Dale.

Nå kan me med sikkerheit seie at me vil gje 400.000 kvinner moglegheita til å komme seg ut av fattigdom.

Dale legg til:

– Det vil igjen påverke livssituasjonen til ytterlegare 1,5 millionar menneske positivt.

Ho takkar NRK og TV-aksjonen for å gjere dugnaden mogleg, og alle som har bidratt.

– Tusen takk til alle frivillige som set av tid og pengar til å støtte kvinner i sårbare land.

Utanlandssjefen seier til NRK at pengane frå TV-aksjonen skal bli brukte og følgde tett opp i samarbeid med kontora til Care i prosjektlanda. Dei vil òg gjere både intern og ekstern kontroll av korleis pengane blir brukt, og så vil organisasjonen årleg rapportere til NRK sitt innsamlingsråd.

VM-bordet selt for 275.000

Til saman kom det inn 2.260.539 kroner frå auksjonen til TV-aksjonen. I tillegg kom det inn 484.545 frå P3-aksjonen sin auksjon.

VM-bordet frå NRK-studioet i Seefeld var eit av objekta ein kunne by på. Det var til slutt bedrifta Fjellfarer AS i Sulitjelma i Nordland som vann bodkrigen, med eit bod på 275.000 kroner.

VM-bordet

VM-bordet frå NRK sitt studio i Seefeld.

Foto: NRK

Bedrifta driv med skiløyper og fjellturisme og har to tilsette, seier dagleg leiar, Mona Mosti, til NRK. Ho legg til at det var fleire element som gjorde at dei ville ha bordet.

– Allroundlandslaget har hatt samlingar her i Sulitjelma dei siste to åra, og då budde dei i eit av husa våre. I tillegg var me sjølv i Seefeld og såg bordet i studio. Når landslaget gjorde det så bra i VM, måtte me berre by, seier ho.

Mona Mosti

Mona Mosti, dagleg leiar i Fjellfarer AS.

Foto: Marianne Bjørnmyr/Dan Mariner

Den daglege leiaren seier vidare at bordet skal stå i huset der landslaget har budd under samlingane.

– Me håpar at dei fortset å komme på samling i Sulitjelma nå som me har kjøpt bord til dei. Me skal òg vise det fram til alle som kjem på besøk, seier ho.

At bedrifta strakk seg så langt for å få fatt i bordet, hadde òg med kva pengane frå TV-aksjonen i år går til.

– Hadde det vore noko anna, så er det ikkje sikkert at det hadde blitt så høge bod. Temaet i år er så viktig, og pengane går til eit kjempegodt formål. Det står veldig respekt av jobben Care gjer for kvinner sine rettar.