Hopp til innhold

Slik blir du bøssebærer

Vil du vere med på den største dugnaden i landet?

Jenny Lyberg og mamma med bøsse
Foto: Lars Erik Larsen

Se video om hvordan du kan bli bøssebærer

Den aller største dugnad i Norge er rett rundt hjørnet. Den 18. oktober skal 100 000 menneske gå frå dør til dør med ei bøsse i handa.

Bøssebærer for Leger uten grenser
Foto: Erichsen, Jarl Fr. / SCANPIX

TV-aksjonen har i mange år vore den største dugnaden i Norge!

- Denne eine dagen i året går vi saman for å hjelpe dei som treng det mest, fortel Erling Kjærnes, som er aksjonsleiar for årets TV-aksjon.

Les meir om fenomenet TV-aksjonen her.

Store mål

Målet er at kvar krok i Norge skal få besøk av ein person med bøsse. Alle skal få sjansen til å gje.

- Vi skal ringe på kvar ei dørklokke!

Kjærnes kallar dette for årets viktigaste søndagstur. Ein får ein tur ut og ein gjer noko bra på same tid.

Dei fleste går med bøsse i cirka to timar, og dei fleste stadar i landet startar ein rundt klokka 16.00. (Nokre byar har 18 års aldersgrense)

Hjelper kvinner

Bli bøssebærer i helga!
Foto: Richardsen, Tor / SCANPIX

I år skal hjelpa gå til kvinner, slik at dei kan få ein betre kvardag. Med pengane som kjem inn frå årets TV-aksjon skal CARE starte spare og -lånegrupper rundt om i verda, for det meste i Afrika.

Les meir om CARE sitt arbeid her

Registrer deg som bøssebærer