Hopp til innhold

Slår du Stordalen?

Hotellkongen har kome med superbod på unikt kjendiskunstverk i TV-aksjonens nettauksjon.

Fotomontasje: Petter Stordalen og kjendismaleriet

Fotomontasje.

Foto: Birte Njøsen Horne / NRK

Sjå nøye på dette maleriet. Kunstverket består av ei mengd eigedelar frå kjende nordmenn, alle med ei heilt spesiell historie.

NRK Buskerud tok initiativ til å samle inn "råstoffet" frå norske kjendisar i sommar, og i august hadde kunstnar Iren Iversen klart bidraget til TV-aksjonens kunstauksjon.

Første bod kom frå ingen ringare enn den høgprofilerte hotellkongen Petter Stordalen. Og summen? 100.000 kroner!

  • Høyr bodet frå Stordalen direkte på NRK Buskerud si morgonsending her !

Maleri med bitar av norsk kultur

Petter Stordalen

Petter Stordalen beundrar maleriet.

Foto: Odd Vegard Kandal / NRK

- Det er eit kjempefint kunstverk! Det er prega av historier som har hatt betydning for mange, og kunstnaren har fått sydd alle referansane saman på ein veldig fin måte, seier Stordalen.

I kunstverket er det baka inn bitar frå den skjebnesvangre Barcelona-drakta til fotballdommar Ole Herman Borgan, handballspelar Glenn Solberg sin shorts frå Europacupsigeren til Drammen i 1996, skuldermerket til Norwegian-gründer Bjørn Kjos og sydvesten til Idol-dommar Jan Fredrik Karlsen.

I tillegg har kunstnaren nytta eigedelar frå Hellbillies, skihoppar Anette Sagen, fotballegenda Jostein Flo, barne-tv-helt Erik Solbakken, skiskytarkongen Ole Einar Bjørndalen Hotel Cæsar-stjerna Elin Sogn, og mange, mange fleire.

Oppfordrar til høgare bod

Iren Iversens kunstverk
Foto: NRK Buskerud / NRK

Dersom hotellkongen vinn auksjonen, skal kunstverket og heile historia bak få pryde ein vegg i Stordalens nye hotell i Drammen.

Men den erfarne forretningsmannen synest for ein gongs skuld at det viktigaste ikkje er å vinne.

- Poenget her er ikkje verdien på biletet, men at pengane går til eit godt formål. Eg oppfordrar alle til å overgå bodet, dette er vel ein av få gonger ein som kjøpar må satse på å få ein høgst mogeleg pris, ler Stordalen.

  • Sjå auksjonen til kunstverket her !

TV-aksjonens auksjonarius, Rune Gokstad, meiner kunstverket har større potensiale enn Stordalens startbod på 100.000 kroner, og meiner maleriet bør gå for mykje meir.

Og dermed skulle det vere duka for ei real bodrunde! Nokon høgare?

  • Sjå alle godbitane i TV-aksjonens nettauksjon her !